Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 4.

Oreigningslova·Kapittel I. Om kva som kan oreignast og kva det kan oreignast til. Vedtak om eller samtykke til oreigningsinngrep.·Sist endret 5. juni 2015
Eigar til og rettshavar i slik eigedom som er nemnd i § 1, lyt tola at det på eigedomen vert gjort mæling, utstikking og andre førehandsundersøkingar til bruk for eit påtenkt oreigningsinngrep. Ingen må gå i gang med slike førehandsundersøkingar før eigar eller brukar er varsla. Løyve til å gjera førehandsundersøkingar vert gjeve av den styremakt Kongen fastset. I løyvet skal det stå kva tid førehandsundersøkingane kan gjerast. Om gjennomføringa av førehandsundersøkingar etter fyrste ledd gjeld § 15 i forvaltningslova. Lid eigar eller rettshavar tap av di førehandsundersøkingar som nemnd i fyrste ledd, gjer skade eller valdar ulempe, har skadelidde rett til skadebot, jf. § 19. Eit endeleg vedtak som gjev løyve til å gjera førehandsundersøkingar etter fyrste ledd, er eit særleg tvangsgrunnlag etter tvangsfullbyrdelsesloven kapittel 13.

Eiere av eiendom må tåle målinger og undersøkelser før en mulig ekspropriasjon. Slike undersøkelser krever varsel og tillatelse fra en bestemt myndighet. Man har rett til erstatning dersom undersøkelsene fører til økonomisk tap eller skade.AI

Endret 5. juni 2015 · i kraft 5. juni 2015
Endringshistorikk (5)
Noter (1)
  • EndringEndra med lover 19 juni 1969 nr. 54, 5 juni 2015 nr. 38.

Se ogsåOreigningslova § 1Forvaltningsloven § 15Oreigningslova § 19omtalt i 2 kilderreferert av 3

Sammenheng

Utfyllende forskrifter1
Se også3
Referert av3
Nevnt i2
Endringshistorikk5

Koblinger for § 4 i oreigningslova.

Les hele loven i sammenheng →