Sakskostnader i saker om administrativ overprøving
I sak om administrativ overprøving kan ein part som fullt ut eller i det vesentlege har fått medhald, tilkjennast nødvendige sakskostnader frå motparten. Det skal mellom anna leggjast vekt på om det var god grunn til å få saka prøvd fordi ho var tvilsam, og om det er rimeleg ut frå typen sak og tilhøva hos motparten å påleggje kostnadsansvar. Ved administrativ overprøving etter designloven og foretaksnavneloven kan det berre tilkjennast sakskostnader i klagesaker.
Krav om dekning av sakskostnader må fremjast før saka blir avgjord. Patentstyret eller Klagenemnda skal avgjere spørsmålet samtidig med realiteten i saka.
Dersom ei klage heilt eller delvis fører fram, kan Klagenemnda òg endre avgjerda i Patentstyret når det gjeld sakskostnader. Avgjerda om sakskostnader i Patentstyret kan påklagast særskilt til Klagenemnda. Slik klage avgjer leiaren i Klagenemnda aleine.
Tilkjende sakskostnader kan drivast inn med tvang etter reglane for dommar.
En part som får medhold i en sak om administrativ overprøving, kan få dekket nødvendige utgifter til saksomkostninger fra motparten. Det vurderes om saken var tvilsom og om det er rimelig at motparten betaler. Kravet må fremmes før saken er avgjort.AI
Endret 28. mai 2021
Endringshistorikk (2)
- 28. mai 2021Lov om kollektiv forvaltning av opphavsrett mv.
- 6. mars 2013Overgangsreglar til patentstyrelova
Sammenheng
Endringshistorikk2
Koblinger for § 9 i patentstyrelova.