Forskrift
Nynorsk
§ 6-47. Særskilde reglar om dokumentasjon i yrkesfaglege utdanningsprogram for dei med store lærevanskar
Særskilde reglar om dokumentasjon i yrkesfaglege utdanningsprogram for dei med store lærevanskar
Dersom elevar i yrkesfaglege utdanningsprogram har store lærevanskar, kan dei søkje om å få vitnemål sjølv om krava i § 6-45 ikkje er oppfylte. Dette gjeld berre dei elevane som har følgt opplæringa, men ikkje har bestått eitt eller to fellesfag som følgje av lærevanskar i faget eller faga.
Det må liggje føre ei sakkunnig vurdering frå den pedagogisk-psykologiske tenesta som dokumenterer lærevanskane i den vidaregåande opplæringa.
Skolen avgjer søknader om dokumentasjon etter denne paragrafen, men ikkje før overgangen frå vidaregåande trinn 2 til vidaregåande trinn 3. Avgjerder på slike søknader er enkeltvedtak. Statsforvaltaren er klageinstans.
Elever i yrkesfag med store lærevanskar kan søke om vitnemål selv om de ikke har bestått ett eller to fellesfag. Det kreves en sakkunnig vurdering fra pedagogisk-psykologisk tjeneste. Skolen avgjør søknaden, og vedtaket kan klages inn til Statsforvalteren.AI
Sammenheng
Se også1
Referert av2
Koblinger for § 6-47 i privatskoleforskrifta.