Lov
Nynorsk
§ 3-5. Særskild språkopplæring
Særskild språkopplæring
Elevar med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild språkopplæring til dei kan norsk godt nok til å følgje den vanlege opplæringa. Særskild språkopplæring skal omfatte forsterka opplæring i norsk og, om det trengst, morsmålsopplæring, tospråkleg opplæring i fag eller begge delar.
Heimkommunen eller heimfylket skal jamleg vurdere om ein elev som har vedtak om særskild språkopplæring kan norsk godt nok til å følgje den vanlege opplæringa.
Heimkommunen eller heimfylket kan gjere vedtak om at eleven skal få opplæring i morsmål på ein annan skole enn den eleven går på.
Heimkommunen eller heimfylket til eleven gjer vedtak og dekkjer utgiftene til særskild språkopplæring. Departementet er klageinstans.
Reglane gjeld ikkje for elevar ved internasjonale skolar og norske skolar i utlandet.
Elever med et annet morsmål enn norsk og samisk har rett til spesifikk språkopplæring frem til de behersker norsk godt nok. Opplæringen kan bestå av forsterket norsk, morsmålsopplæring eller tospråklig opplæring i fag.AI
Noter (1)
- EndringEndra ved lover 2 juli 2004 nr. 69 (ikr. 1 sep 2004 iflg. res. 2 juli 2004 nr. 1064), 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757), 20 juni 2008 nr. 48 (ikr. 1 aug 2008 iflg. res. 20 juni 2008 nr. 621), 19 juni 2009 nr. 94 (ikr. 1 aug 2009 iflg. res. 19 juni 2009 nr. 675), 22 juni 2012 nr. 53 (ikr. 1 aug 2012 iflg. res. 22 juni 2012 nr. 582), 19 juni 2015 nr. 75 (ikr. 1 aug 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 701), 10 juni 2022 nr. 39 (i kraft 15 juni 2022 iflg. res. 10 juni 2022 nr. 997), 9 juni 2023 nr. 30 (i kraft 1 aug 2024 iflg. res. 31 mai 2024 nr. 1028).
Sammenheng
Referert av7
- Privatskoleforskrifta § 1-3Forsterka opplæring i norsk
- Privatskoleforskrifta § 1-8Fritak frå opplæring i framandspråk, fordjuping eller arbeidslivsfag på 8. til 10. trinn
- Privatskoleforskrifta § 1-9Fritak frå skriveopplæring i eitt av dei norske skriftspråka
- Privatskoleforskrifta § 4-6Fritak frå skriveopplæring i eitt av dei norske skriftspråka
- Privatskoleforskrifta § 4-9Opplæring etter læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg
- Privatskoleforskrifta § 13-7Fritak frå nasjonale prøver og kartleggingsprøver
- Privatskolelova § 7-2Tilsyn m.m
Nevnt i4
- Lovvedtak 89 (2022–2023)Vedtak til lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)
- Lovvedtak 78 (2021–2022)Vedtak til lov om endringer i friskolelova (nytt navn på loven og oppheving av to godkjenningsgrunnlag)
- Lovvedtak 96 (2014–2015)Vedtak til lov om endringer i privatskolelova mv. (nytt navn på loven, nye godkjenningsgrunnlag m.m.)
- Lovvedtak 64 (2011–2012)Vedtak til lov om endringar i opplæringslova og privatskolelova (undervisningskompetanse m.m.)
Endringshistorikk1
Koblinger for § 3-5 i privatskolelova.