Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 6.

Sameigelova·Sist endret 1. januar 2008
Fleirtalet kan setja eit styre til å ta seg av det som trengst for at tingen kan verta tenleg styrd og utnytta. Før styret kan veljast, må det vera fastsett skrivne vedtekter i samsvar med andre stykket om val på styre og om kva avgjerder styret kan ta. Sameigarane kan elles og fastsetja skrivne vedtekter om sameigarmøte og avgjerder på slike møte, om val på tillitsmenn o.a. og om kva gjeremål og fullmakter dei skal ha. Vert sameigarane ikkje samde, kan vedtektene fastsetjast med fleirtalsvedtak, men då må dei ha godkjenning av tingretten. Retten tek avgjerd om godkjenning eller ikkje godkjenning i orskurd. Avgjerda kan ankast.

Flertallet kan velge et styre for å styre og utnytte tingen, men det kreves skriftlige vedtekter først. Sameierne kan også lage vedtekter for møter og tillitsvalgte. Hvis man ikke blir enige om vedtektene, kan flertallet bestemme dette, men det krever godkjenning fra tingretten.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 30 aug 2002 nr. 67 (ikr. 1 jan 2003 iflg. res. 30 aug 2002 nr. 938), 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008 iflg. res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3.

referert av 1

Sammenheng

Referert av1

Koblinger for § 6 i sameigelova.

Les hele loven i sammenheng →