Lov
Nynorsk
§ 43. Vedtak av forenkla årsmøte
Vedtak av forenkla årsmøte
(1) I eit foretak som har færre enn 20 medlemmar, kan styret leggje fram ei sak til avgjerd av eit årsmøte som blir halde utan møte. Dette gjeld berre dersom styret finn at saka kan behandlast forsvarleg ved at den blir lagt fram skriftleg for medlemmane til avgjerd.
(2) Styret skal sende saksdokumenta med forslag til vedtak og grunngiving for forslaget til alle medlemmar med kjend adresse, og til dagleg leiar. Revisor skal få tilsendt dokumenta dersom saka som skal behandlast, gjer dette nødvendig. Fristen for å røyste skal opplysast. Den kan ikkje vere kortare enn fristen for å kalle inn til årsmøte, dersom ikkje alle medlemmane er samde om ein kortare frist. Medlemmane skal gjerast kjende med at dei kan krevje at saka blir lagt fram for eit årsmøte som blir halde som møte.
(3) Reglane i lova om årsmøte gjeld tilsvarande så langt dei høver. Resultatet av røystinga skal førast inn i årsmøteprotokollen, som skal daterast, signerast av styreleiaren og sendast til alle medlemmane. Gitte røyster med innlegg til saka skal leggjast ved protokollen.
(4) Saka skal leggjast fram for eit årsmøte som blir halde som møte, dersom dette blir kravd av ein styremedlem eller ein medlem innan fristen for å røyste skriftleg.
I virksomheter med under 20 medlemmer kan styret avgjøre saker skriftlig uten fysisk møte, dersom behandlingen er forsvarlig. Medlemmer kan kreve at saken behandles på et vanlig årsmøte.AI
Noter (1)
- EndringEndra med lov 28 mai 2021 nr. 51 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 28 mai 2021 nr. 1667).
Sammenheng
Koblinger for § 43 i samvirkelova.