Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 44. Gjennomføring av årsmøte

Samvirkelova·Kapittel 5. Årsmøtet o.a.·Sist endret 1. juni 2021

Gjennomføring av årsmøte

(1) Årsmøtet skal haldast som møte. Styret avgjer møteforma. Styrets mynde etter andre punktum kan avgrensast i vedtektene. (2) Styret skal syte for ei forsvarleg gjennomføring av årsmøtet. (3) Blir årsmøtet gjennomført som fysisk møte, gjeld desse reglane: a) Årsmøtet skal haldast i den kommunen der foretaket har forretningskontoret, om ikkje anna er fastsett i vedtektene. Årsmøtet kan haldast ein annan stad dersom det trengst av særlege grunnar. b) Medlemmane har rett til å delta elektronisk, om ikkje styret meiner at det ligg føre sakleg grunn for å nekte. Reglane i fjerde ledd gjeld tilsvarande. (4) Blir årsmøtet gjennomført som elektronisk møte, skal styret syte for at det finst system som sikrar at krav til årsmøte i lova er oppfylt. Systema må sikre at deltakinga og røystinga kan kontrollerast på ein forsvarleg måte, og det må nyttast ein forsvarleg metode for å autentisere avsendaren. I vedtektene kan det fastsetjast nærmare krav til elektronisk deltaking på årsmøtet. (5) Kallar tingretten eller anna offentleg mynde inn til årsmøte, avgjer dei møteforma. (6) Departementet kan gi forskrift med nærmare reglar om elektronisk deltaking på årsmøtet.

Årsmøtet skal holdes som et møte, og styret bestemmer om det skal være fysisk eller elektronisk. Ved fysiske møter skal det normalt holdes i kommunen der virksomheten har kontor. Ved elektroniske møter skal systemene sikre kontroll på deltakelse og avstemming.AI

Noter (1)
  • EndringTilføyd med lov 28 mai 2021 nr. 51 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 28 mai 2021 nr. 1667).

omtalt i 1 kilde

Sammenheng

Nevnt i1

Koblinger for § 44 i samvirkelova.

Les hele loven i sammenheng →