Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 5-27. Forbod mot å ta imot gåver m.m

Statsføretakslova·Kapittel 5. Styre og dagleg leiar

Forbod mot å ta imot gåver m.m

(1) Dei som er tilsette eller har tillitsverv i føretaket, skal ikkje for seg eller andre ta imot gåver, provisjonar, tenester eller andre ytingar frå andre enn føretaket som er eigna til, eller av givaren meinte, å påverke handlingane deira for føretaket. Det same gjeld gåver m.m. som det er forbode å ta imot etter instruks frå føretaksmøtet eller styret. (2) Gåver, tenester eller andre ytingar som er nemnde i første ledd, kan heller ikkje takast imot av ektefellen til vedkomande, av ein person som vedkomande lever saman med, eller av eit selskap der ein person som nemnd i første ledd, aleine eller samla har bestemmande innverknad over verksemda. (3) Den som har teke imot ei yting i strid med forbodet i paragrafen her, pliktar å betale føretaket eit beløp som svarer til verdien av det som urettmessig er motteke.

Ansatte og personer i tillitsverv i foretaket kan ikke ta imot gaver eller fordeler som kan påvirke jobben deres. Forbudet gjelder også for ektefelle, samboer eller selskaper man kontrollerer. Verdien av ulovlige gaver skal betales tilbake til foretaket.AI

referert av 1

Sammenheng

Referert av1

Koblinger for § 5-27 i statsføretakslova.

Les hele loven i sammenheng →