Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 7-4. Fusjon (samanslåing) av eit statsaksjeselskap eller statsallmennaksjeselskap med eit statsføretak m.m

Statsføretakslova·Kapittel 7. Føretaksendringar m.m.

Fusjon (samanslåing) av eit statsaksjeselskap eller statsallmennaksjeselskap med eit statsføretak m.m

(1) Eit statsaksjeselskap eller statsallmennaksjeselskap (det overdragande selskapet) kan overdra eigedelane, rettane og forpliktingane sine som heilskap til eit statsføretak (det overtakande føretaket). Styra i det overdragande selskapet og det overtakande føretaket skal utarbeide ein felles fusjonsplan. Fusjonen blir vedteken ved at generalforsamlinga i det overdragande selskapet og føretaksmøtet i det overtakande føretaket godkjenner fusjonsplanen. Føresegnene i aksjeloven §§ 13-6, 13-9, 13-11 og 13-13 til 13-17 eller allmennaksjeloven §§ 13-6, 13-11 og 13-14 til 13-18 gjeld tilsvarande så langt dei passar. (2) Første ledd gjeld tilsvarande ved fusjon mellom eit heileigd dotterselskap til eit statsføretak og statsføretaket, der statsføretaket er det overtakande føretaket.

Reglene beskriver hvordan et statlig aksjeselskap kan slås sammen med et statsføretak. Dette skjer ved at alle eiendeler, rettigheter og plikter overføres, og at en felles plan blir godkjent av begge parter.AI

Se ogsåAksjeloven § 13-6Aksjeloven § 13-9Aksjeloven § 13-11Aksjeloven § 13-13

Sammenheng

Se også7

Koblinger for § 7-4 i statsføretakslova.

Les hele loven i sammenheng →