Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 13. Samtykke frå avdøde og næraste pårørande sin rett til å nekte donasjon

Transplantasjonslova·Kapittel 3. Donasjon frå død donor

Samtykke frå avdøde og næraste pårørande sin rett til å nekte donasjon

Personar som har fylt 16 år, har rett til å samtykke til at donasjon av organ, celler og vev kan gjennomførast etter at dei er døde. Når avdøde har gitt samtykke, kan pårørande ikkje nekte donasjon. Når den døde ikkje har gitt eit samtykke, kan donasjon gjennomførast dersom det ikkje ligg føre forhold som tilseier at den døde ville ha motsett seg. Dei pårørande til den døde skal spørjast om det ligg føre slike forhold. Donasjon kan likevel ikkje gjennomførast dersom ein av dei næraste pårørande til den døde, jf. § 3 bokstav d, nektar. Donasjon kan heller ikkje gjennomførast dersom det ikkje er mogeleg å få kontakt med dei pårørande eller når avdøde ikkje har pårørande. For personar som ikkje har fylt 16 år, har foreldra, eller andre med foreldreansvaret etter barnelova, rett til å samtykke til donasjon etter at dei er døde. Donasjon kan ikkje finne stad dersom foreldra er usamde. Dersom ingen har foreldreansvaret, har verja, eller næraste pårørande til den døde dersom det ikkje er oppnemnd verje, rett til å samtykke til donasjon.

Personer fra 16 år kan samtykke til organdonasjon etter døden, og dette samtykket er bindende for pårørende. Dersom avdøde ikke har samtykket, kan donasjon skje med mindre pårørende nekter eller det er kjent at avdøde ville vært imot det. For barn under 16 år er det foreldre eller verge som bestemmer.AI

Se ogsåTransplantasjonslova § 3referert av 2

Sammenheng

Se også1
Referert av2

Koblinger for § 13 i transplantasjonslova.

Les hele loven i sammenheng →