Lov
Nynorsk
§ 5. Uttak frå levande donor
Uttak frå levande donor
Uttak av organ, celler og vev kan berre finne stad dersom inngrepet ikkje fører til ein nærliggande fare for den fysiske eller psykiske helsa til donoren.
Uttak av organ, celler og vev frå personar mellom 12 og 18 år kan berre finne stad når det ligg føre særlege grunnar. I vurderinga av om det ligg føre særlege grunnar skal det mellom anna leggjast vekt på om:
a) transplantasjon er nødvendig for å redde livet til mottakaren,
b) det finst nokon annan aktuell donor,
c) donoren har sterk tilknyting til mottakar,
d) uttaket inneber eit stort inngrep,
e) uttaket berre gjeld fornybart vev, jf. § 3 bokstav c, og om
f) donoren er moden nok til å skjønne kva inngrepet inneber.
Uttak frå barn under 12 år og vaksne som ikkje har avgjerdskompetanse etter pasient- og brukerrettighetsloven § 4-3 andre ledd, kan berre finne stad dersom:
a) uttaket gjeld fornybart vev, jf. § 3 bokstav c,
b) donasjonen er nødvendig for å redde livet til mottakaren,
c) det ikkje finst ein donor med avgjerdskompetanse som deler mange nok av dei viktigaste vevstypane (er vevsforlikeleg), og
d) mottakaren er søsken, barn eller forelder, eller i særlege tilfelle på annan måte i nær familie med donoren.
Uttak kan aldri gjennomførast i strid med viljen til ein donor som ikkje har avgjerdskompetanse.
Det er kun lov å ta organ, celler eller vev fra en levende person dersom det ikke utgjør en nær fare for donorens fysiske eller psykiske helse. For barn og personer uten beslutningskompetanse gjelder det strenge tilleggskrav for at uttak skal være lovlig.AI
Endret 20. juni 2025
Endringshistorikk (2)
- 20. juni 2025Endringslov til psykisk helsevernloven mv
- 25. april 2025Endringslov til psykisk helsevernloven mv
Noter (1)
- EndringEndra ved lov 20 juni 2025 nr. 67 (i kraft 1 juni 2026 iflg. res. 20 juni 2025 nr. 1109).
Se ogsåTransplantasjonslova § 3Pasient- og brukerrettighetsloven § 4-3omtalt i 1 kilde →referert av 5 →
Sammenheng
Referert av5
Endringshistorikk2
Koblinger for § 5 i transplantasjonslova.