Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 2-3. Emne

UiBs studieforskrift·Kapittel 2. Organisering av studia

Emne

(1) Eit emne er den grunnleggande studieeininga. (2) Kvart emne skal ha ei emneskildring som inneheld: a) namnet til emnet, b) talet på studiepoeng, c) eventuelle forkunnskapskrav, d) mål og innhald, e) kva for kunnskap, ferdigheiter og kompetanse studenten skal tileigne seg (læringsutbyteskildring), f) undervisingssemester, -former, -omfang og -språk, og andre læringsaktivitetar g) obligatorisk oppmøte og obligatoriske aktivitetar, h) eksamensform og -semester, og vurderingsuttrykk og i) andre særskilde reglar for emnet dersom dei finst, til dømes avgrensing i tilgang til undervising, hjelpemiddel og formelle krav til eksamen. (3) Talet på studiepoeng for eit emne skal vere deleleg med fem. Dette gjeld ikkje for integrerte masterprogram eller for profesjonsstudia. Også i andre tilfelle kan det gjerast unntak dersom faglege grunnar talar for det, og verken omsynet til studentane sin valfridom eller ønske om tverrfaglege studium gjer det utilrådeleg. (4) Eitt studiepoeng utgjer 1/60 av eit heilt studieår og inneber om lag 25–30 arbeidstimar for studentane.

Et emne er den grunnleggende enheten i et studie. Hvert emne skal ha en beskrivelse med informasjon om blant annet mål, innhold, studiepoeng og eksamen. Ett studiepoeng tilsvarer omtrent 25–30 arbeidstimer.AI

Les hele forskriften i sammenheng →