Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 2-2. Studieprogram

UiBs studieforskrift·Kapittel 2. Organisering av studia

Studieprogram

(1) Eit studieprogram er ei samling emne som inngår i ein heilskap med eit definert læringsutbyte. Studieprogram som ikkje er årsstudium, skal føre til ei grad. (2) Kvart studieprogram skal ha ein studieplan som inneheld: a) namnet på studieprogrammet og eventuelle studieretningar, b) talet på studiepoeng, c) opptakskrav, d) mål og innhald, e) kva for kunnskap, ferdigheiter og kompetanse studentane skal tileigne seg (læringsutbyteskildring), f) læringsaktivitetar og undervisingsformer, g) kva for emne som er obligatoriske og valfrie, med emneskildringar, h) eventuelle minstekrav til frie studiepoeng, til dømes fagleg nivå, omfang og innhald, i) høve til og plassering av utveksling og j) eventuelle reglar om rekkefølge på emna på programmet.

Et studieprogram er en samling emner med et bestemt læringsutbytte. Programmer som ikke er årsstudier, skal føre til en grad. Alle studieprogrammer skal ha en studieplan som beskriver blant annet opptakskrav, emner og læringsmål.AI

referert av 2

Sammenheng

Referert av2
Endringshistorikk1

Koblinger for § 2-2 i uibs-studieforskrift.

Les hele forskriften i sammenheng →