Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 3-1. Oppretting, nedlegging og endring

UiBs studieforskrift·Kapittel 3. Oppretting mv. av studieprogram, studieretningar og emne

Oppretting, nedlegging og endring

(1) Universitetsstyret sjølv opprettar og legg ned studieprogram på over 60 studiepoeng. (2) Fakultetet sjølv opprettar og legg ned: a) årsstudium, b) studieretningar og c) emne. (3) Vesentlege endringar i studieprogram ved eit fakultet må godkjennast av universitetsstyret. Endringar som i realiteten inneber oppretting eller nedlegging av eit heilt fagområde blir alltid rekna som vesentlege. (4) Fakultetet sjølv vedtar andre endringar i studieprogramma, studieretningane og emna. (5) Vedtak etter andre og fjerde avsnitt som gjeld studieprogram og -retningar skal rapporterast til universitetsdirektøren. (6) Organet som legg ned eit studieprogram, ei studieretning eller eit emne skal vedta ei overgangsordning for undervising og eksamen. Studentar på slike studieprogram skal få høve til å fullføre studiet i samsvar med overgangsordninga. (7) Mindre endringar i eksisterande studieprogram, studieretningar og emne kan delegerast til organet som er ansvarleg for programmet (programstyret).

Reglene bestemmer hvem som kan opprette, endre eller legge ned studietilbud ved universitetet. Ved nedleggelse skal det være en overgangsordning slik at studenter får fullført studiene sine.AI

referert av 1

Sammenheng

Referert av1

Koblinger for § 3-1 i uibs-studieforskrift.

Les hele forskriften i sammenheng →