Forskrift
Nynorsk
§ 5-3. Pause frå studia
Pause frå studia
(1) Studentar på bachelorprogram, integrerte masterprogram og profesjonsstudia har rett til pause frå studia utan grunngiving i to semester.
(2) Retten etter første avsnitt gjeld frå semester nummer to. Pause inneber at studieretten knytt til det aktuelle studieprogrammet blir suspendert. Pause blir innvilga for eitt eller to semester om gongen og studieretten blir utvida tilsvarande i tid.
(3) Fakultetet kan i utfyllande reglar vedta at:
a) inntil 60 studiepoeng må vere oppnådde før studenten får pause frå studia og
b) retten til pause frå studia ikkje gjeld dei fire siste semestera på integrert masterprogram
(4) Retten til pause frå studia gjeld ikkje for studentar på studieprogram i utøvande og skapande kunst, musikk og design.
(5) Søknadsfristen for søknader etter denne føresegna er ved fristen for semesterregistrering.
Studenter på bachelor-, master- og profesjonsstudier kan ta pause fra studiene i inntil to semestre uten å oppgi grunn. Pausen kan tas fra og med andre semester, og studietiden forlenges med tiden man har vært borte.AI
Noter (1)
- EndringEndra ved forskrift 13 juni 2024 nr. 1447.
Sammenheng
Endringshistorikk1
Koblinger for § 5-3 i uibs-studieforskrift.