Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 8-1. Talet på forsøk

UiBs studieforskrift·Kapittel 8. Eksamensforsøk·Sist endret 13. juni 2024

Talet på forsøk

(1) Studentar har tre eksamensforsøk i kvart emne. Avgrensinga gjeld sjølv om emnet har skifta namn eller emnekode, og sjølv om studenten har fått nytt opptak. (2) Bachelorprosjekt/-oppgåve og masterprosjekt/-oppgåve utan bestått resultat kan leverast på nytt éin gong. Bachelor- og masterprosjekt med bestått resultat kan ikkje leverast på nytt. (3) Fakultetet kan i emneskildringa eller i utfyllande regelverk vedta at det ikkje er høve til meir enn to eksamensforsøk og/eller gjennomføringar i emne som a) inneber praksis, b) inneber feltarbeid, c) inneber tokt eller d) er utøvande eller skapande. (4) Fakultetet: a) kan i utfyllande reglar vedta unntak frå hovudregelen om tre forsøk for studentar som allereie har bestått resultat i emnet, b) kan gjere unntak frå første til tredje avsnitt i einskildtilfelle etter søknad frå studenten, c) skal fastsetje innleveringsfrist for ny levering av bachelorprosjekt/-oppgåve og masterprosjekt/-oppgåve utan bestått resultat etter andre avsnitt. Fristen kan ikkje vere kortare enn tre månader frå sensuren er kunngjort og ikkje lengre enn eitt år frå den opphavlege fristen og d) skal etter søknad tillate ny levering av bachelor- og masterprosjekt etter utestenging som følge av fusk, med mindre fusket er av ein karakter som gjer det umogleg. Fakultetet skal sjå til at fusket er retta opp. Studenten kan ikkje levere før etter utestengingsperioden er over, jf. universitets- og høgskulelova § 12-4 (3) og (4).

Studenter har normalt tre forsøk på eksamen i hvert emne. Bachelor- og masteroppgaver som ikke er bestått kan leveres på nytt én gang. Fakultetet kan i visse tilfeller begrense antall forsøk eller gjøre unntak fra reglene.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 13 juni 2024 nr. 1447.

Se ogsåUniversitets- og høyskoleloven § 12-4

Sammenheng

Se også1
Endringshistorikk1

Koblinger for § 8-1 i uibs-studieforskrift.

Les hele forskriften i sammenheng →