Forskrift
Nynorsk
§ 9-1. Generelt om sensur
Generelt om sensur
(1) Fakultetet skal sørge for at studentane vert vurderte på ein upartisk og fagleg trygg måte. Sensor skal vurdere eksamenssvaret ut frå dei delane av læringsutbytet som eksamensoppgåva legg opp til.
(2) Sensur inkluderer plagiatkontroll av innleverte eksamenssvar og studentarbeid. UiB kan lagre og bruke eksamenssvar og studentarbeid (eksemplarframstilling) i forbindelse med plagiatkontroll av framtidige eksamenssvar og arbeid.
(3) Studenten kan ikkje trekke tilbake eksamenssvaret etter gjennomføring.
(4) Sensuren blir kunngjort på Studentweb. Kunngjeringa skal informere om retten til å få grunngiving og til å klage, jf. universitets- og høgskulelova §§ 11-8 til 11-10, og fristane som gjeld. For eksamensformene nemnde i § 7-5 blir sensuren gitt munnleg og med ein gong.
(5) Sensuren skal vere anonym så langt det er fagleg og praktisk mogleg.
(6) Fakultetet skal sørge for at det vert laga sensorrettleiing for alle eksamenar, og at ho blir gjort kjent for studentane. Sensorrettleiinga blir utforma på det språket emneansvarleg vel.
(7) Sensor kan krevje at studentar som har levert uleselege handskrivne eksamenssvar, skal levere ein leseleg kopi. Fristen skal normalt vere to dagar.
Fakultetet skal sørge for at sensuren er upartisk og fagleg trygg. Eksamenssvar blir kontrollerte for plagiat, og resultatet blir kunngjort på Studentweb. Sensorrettleiing skal lagast for alle eksamenar og gjerast kjent for studentane.AI
Noter (1)
- EndringEndra ved forskrift 13 juni 2024 nr. 1447.
Se ogsåUniversitets- og høyskoleloven § 11-8Universitets- og høyskoleloven § 11-10UiBs studieforskrift § 7-5
Sammenheng
Se også3
Endringshistorikk1
Koblinger for § 9-1 i uibs-studieforskrift.