Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 9-2. Vurderingsuttrykka

UiBs studieforskrift·Kapittel 9. Sensur og vurderingsuttrykk

Vurderingsuttrykka

(1) Sensuren får uttrykk anten ved ugradert vurderingsuttrykk (bestått/ikkje bestått) eller gradert vurderingsuttrykk (A–F). (2) Bestått resultat med ugradert vurderingsuttrykk vil seie at studenten har nådd læringsutbytet i emnet. (3) Ei ugradert vurdering blir markert med «bestått» eller «ikkje bestått». På bokmål «bestått» og «ikke bestått», og engelsk «pass» og «fail». (4) Bestått resultat etter gradert vurderingsuttrykk blir uttrykt med karakterane A til E. Ikkje bestått blir uttrykt med bokstaven F. Nemning og vurderingskriterier følger Universitets- og høgskulerådet sine kvalitative skildringar. A) Framifrå prestasjon som skil seg klart ut. Kandidaten syner særs god vurderingsevne og stor av grad av sjølvstende. B) Mykje god prestasjon. Kandidaten syner mykje god vurderingsevne og sjølvstende. C) Jamt god prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste områda. Kandidaten syner god vurderingsevne og sjølvstende på dei viktigaste områda. D) Akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar. Kandidaten syner ein viss grad av vurderingsevne og sjølvstende. E) Prestasjonen tilfredsstiller minimumskrava, men heller ikkje meir. Kandidaten syner lita vurderingsevne og lite sjølvstende F) Prestasjon som ikkje tilfredsstiller dei faglege minimumskrava. Kandidaten syner både manglande vurderingsevne og sjølvstende.

Karakterer gis enten som bestått eller ikke bestått, eller på en skala fra A til F. Karakterene A til E regnes som bestått, mens F betyr at man ikke har bestått.AI

Sammenheng

Endringshistorikk1

Koblinger for § 9-2 i uibs-studieforskrift.

Les hele forskriften i sammenheng →