Forskrift
§ 2-2. Løyvepliktige endringar i skytevåpen
Løyvepliktige endringar i skytevåpen
Følgjande endringar i eit løyvepliktig skytevåpen kan berre gjerast etter særskilt løyve frå politiet:
1) nedkorting av pipelengde til hagle- kombinasjons- eller riflevåpen til under 40 centimeter,
2) nedkorting av totallengda til hagle- kombinasjons- eller riflevåpen til under 84 centimeter,
3) omgjering av ein pistol eller revolver slik at den kan brukast som tohandsskytevåpen,
4) omgjering av funksjoneringsmåten,
5) omgjering av eit skytevåpen til å kunne bruke våpenmagasin med magasinkapasitet på meir enn fem patroner for haglevåpen, 10 patroner for rifle eller 20 patroner for pistol, eller
6) endringar som gjer at det kan skytast ammunisjon i andre kaliber enn det skytevåpenet er registrert for, med mindre det er gjort unnatak etter andre ledd.
Næringsdrivande, som har løyve til å drive med reparasjon eller tilverking etter våpenlova § 23, kan utan særskilt løyve skifte pipe eller på annan måte modifisere eit skytevåpen slik at det kan skyte ammunisjon i eit anna kaliber enn det skytevåpenet er registrert for. Ein endring av kaliber utan løyve kan likevel berre gjerast når skytevåpenet lovleg kan brukast til det godkjente ervervsgrunnlaget. Ved endring av kaliber utan løyveplikt skal den næringsdrivande sende melding til politiet med opplysingar om endringa på fastsett skjema. Slik melding skal sendast innan ei veke etter at pipa er skifta.
Visse endringer av skytevåpen krever særskilt tillatelse fra politiet. Dette gjelder blant annet forkorting av løp og total lengde, endring av funksjon eller økning av magasinkapasiteten. Profesjonelle reparatører kan i visse tilfeller endre kaliber uten slik tillatelse.AI
Sammenheng
Se også1
Koblinger for § 2-2 i våpenforskrifta.