Forskrift
§ 2-4. Våpendelar som er underlagt løyve- eller meldeplikt
Våpendelar som er underlagt løyve- eller meldeplikt
Med dei unnatak som følgjer av andre og tredje ledd, er erverv og innehav av følgjande våpendelar løyvepliktige:
1) pipe, medrekna innstikningspiper,
2) låskasse,
3) sluttstykke,
4) laus låseblokk,
5) glidestykke til heil- eller halvautomatiske pistolar, og
6) tønne til revolver.
Kravet til løyve etter første ledd gjeld ikkje for våpendelar som berre kan brukast i skytevåpen som er fritekne frå løyveplikt etter § 1-5 og § 2-3 nr. 1 til 7, og 10 til 11. Erverv og innehav av våpendelar som er nemnde i første ledd til deaktiverte skytevåpen må likevel meldast til politiet på fastsett skjema. Slik melding skal sendast innan ei veke frå det tidspunkt innehavaren erverva gjenstanden.
Kravet til løyve etter første ledd gjeld heller ikkje for erverv av pipe og sluttstykke til rifler, haglevåpen, pistol eller revolver, samt for tønne til revolver i følgjande tilfelle:
1) når våpendelen passar i eit skytevåpen som ervervar har løyve til å ha,
2) når våpendelen ervervast hos ein person som er godkjent for å kunne drive tilverking, handel eller reparasjon av skytevåpen etter våpenlova § 23, og
3) pipa som ervervast er i same kaliber som det løyvepliktige skytevåpenet er registrert for.
Ved erverv etter tredje ledd skal den næringsdrivande sende melding til politiet med opplysingar om våpendelen, det skytevåpenet som våpendelen skal brukast i, samt opplysingar om den som skal erverve våpendelen og om vedkomande skal behalde den våpendelen som skiftast ut, på fastsett skjema. Slik melding skal sendast innan ei veke etter at våpendelen vart avhenda.
Visse sentrale deler av skytevåpen krever tillatelse for kjøp og eie. Det finnes unntak for deler til våpen som ikke krever tillatelse, samt for deler til deaktiverte våpen som må meldes til politiet. Det er også unntak ved kjøp av visse deler fra godkjente forhandlere til våpen man allerede har tillatelse for.AI
Se ogsåVåpenforskrifta § 1-5Våpenforskrifta § 2-3Våpenlova § 23referert av 2 →
Sammenheng
Referert av2
Koblinger for § 2-4 i våpenforskrifta.