Hopp til innhold
Forskrift

§ 9-12. Vilkår for løyve

Våpenforskrifta·Kapittel 9. Næringsverksemd og merking

Vilkår for løyve

Politiet kan gje løyve etter § 9-10 og § 9-11 i denne forskrifta til personar som oppfyller krava som er fastsett i våpenlova § 23 og som: 1) har fylt 18 år. Personar som skal drive ervervsmessig reparasjon, ombygging eller tilverking av pistol eller revolver eller delar til slike skytevåpen må likevel ha fylt 21 år, 2) har norsk sveinebrev som børsemakar eller annan utdanning som gjev tilsvarande relevant fagkunnskap, 3) er registrert i Foretaksregisteret, 4) har forretningslokale som oppfyller krava etter plan- og bygningslova, 5) oppbevarer skytevåpen og ammunisjon i samsvar med krava etter § 6-5, og som 6) oppbevarer skytevåpen og løyvepliktige våpendelar og ammunisjon som ikkje er ferdig tilverka i bemanna eller låst lokale. Er søkaren ein juridisk person der andre enn dagleg leiar har den direkte leiinga av næringsverksemda, er det tilstrekkeleg at den direkte ansvarlege for næringsverksemda oppfyller krava til fagleg dugleik etter første ledd nr. 2. Løyvehavar skal registrere verksemda i Merverdiregisteret seinast tre månader etter at løyvet vart gjeve. Løyvehavar skal melde frå til politiet når dagleg leiar eller andre som har direkte ansvar for næringsverksemda tilsetjast eller sluttar. Ved opphøyr av tilsetjinga kan politiet gje løyve til mellombels drift for inntil seks månader fram til ny person er tilsett.

Bestemmelsen setter krav til hvem som kan få tillatelse til å drive næringsvirksomhet med våpen. Det kreves blant annet bestemt alder, faglig utdanning, registrering i Foretaksregisteret og godkjente lokaler.AI

Se ogsåVåpenforskrifta § 9-10Våpenforskrifta § 9-11Våpenlova § 23Våpenforskrifta § 6-5 første ledd

Sammenheng

Se også4

Koblinger for § 9-12 i våpenforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →