Forskrift
§ 9-16. Krav til merking av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon
Krav til merking av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon
Den som tilverkar skytevåpen eller våpendelar som er løyve- eller meldepliktige etter våpenlova § 5 og § 6, skal merke pipe, låskasse, sleide, tønne, samt sluttstykke eller låseblokk med eit permanent og unikt merke med namn på produsent eller varemerke, produsentland eller produksjonsstad, serienummer og produksjonsår om dette ikkje er ein del av serienummeret. Om våpendelen er for liten til å kunne merkast i samsvar med første punktum, kan våpendelen merkast med eit permanent og unikt serienummer, eller ein alfanumerisk eller digital kode.
Den som permanent innfører eller på annan måte ervervar skytevåpen eller våpendelar som er løyve- eller meldepliktige etter våpenlova § 5 og § 6, skal trygge at skytevåpen eller våpendelar er merka i samsvar med krava som følgjer av første ledd. Første punktum gjeld likevel ikkje for skytevåpen eller våpendelar som er innført eller erverva på grunnlag av løyve etter våpenlova § 13.
Den som tilverkar ammunisjon i medhald av løyve etter våpenlova § 23 skal merke kvar basispakning med namn på produsent eller varemerke, produksjonsnummer, kaliber og type ammunisjon. Den som varig innfører ammunisjon skal trygge at ammunisjonen er merka i samsvar med krava som følgjer av første punktum, med mindre ammunisjonen er innført i medhald av løyve etter § 4-14.
Produsenter av skytevåpen og våpendeler må merke utvalgte deler med unik informasjon som serienummer, produsent og produksjonsår. De som importerer eller kjøper slike varer, må sørge for at merkingen er på plass. Ammunisjon skal merkes med produsent, kaliber, type og produksjonsnummer.AI
Se ogsåVåpenlova § 5Våpenlova § 6Våpenlova § 13Våpenlova § 23
Sammenheng
Koblinger for § 9-16 i våpenforskrifta.