Lov
Nynorsk
§ 5. Løyve med vidare for skytevåpen
Løyve med vidare for skytevåpen
Den som vil erverve eller ha skytevåpen, må ha løyve frå politiet. Den som vil avhende skytevåpen, må trygge at den som ervervar skytevåpenet, har løyve frå politiet til å kunne erverve gjenstanden.
Utanom dei tilfella som er nemnde i §§ 10, 12 eller 13, kan ikkje politiet gje løyve til å erverve, ha, tilverke, importere eller omsette følgjande skytevåpen:
1) heilautomatiske skytevåpen,
2) skytevåpen som er kamuflerte som annan gjenstand,
3) halvautomatiske rifler som opphavleg er konstruerte for heilautomatisk funksjon eller for militæret eller politiet,
4) skytevåpen som vanlegvis vert bruka som krigsvåpen,
5) andre skytevåpen enn dei som er nemnde i nummer 1 til 4, som saknar ein lovleg bruk, eller som har særskilt farlege eigenskapar.
Kongen gjev forskrift om kva skytevåpen som ikkje er tillatne etter andre ledd nr. 5, unnatak frå løyveplikta etter første ledd samt registreringsplikt for skytevåpen som er unnateke frå løyveplikta.
Det kreves tillatelse fra politiet for å kjøpe eller eie skytevåpen. Den som selger et våpen, må sjekke at kjøperen har slik tillatelse. Enkelte typer våpen, som helautomatiske våpen og krigsvåpen, er i utgangspunktet forbudt.AI
Se ogsåVåpenlova § 10Våpenlova § 12Våpenlova § 13omtalt i 1 kilde →referert av 20 →
Sammenheng
Utfyllende forskrifter2
Referert av20
- Våpenforskrifta § 4-1Halvautomatiske rifler til jakt
- Våpenforskrifta § 4-4Rifler til sportsskyting og våpenmagasin med stor patronkapasitet
- Våpenforskrifta § 4-12Særreglar for einskilde våpentypar
- Våpenforskrifta § 8-7Godkjenning av skyteprogram for godkjente skyttarorganisasjonar
- Våpenforskrifta § 9-10Krav til løyve for å drive reparasjon, ombygging eller tilverking av skytevåpen eller våpendelar
- Våpenforskrifta § 9-14Krav ved utlevering og til dokumentasjon
- Våpenforskrifta § 9-16Krav til merking av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon
- Våpenforskrifta § 10-1Kva skytevåpen som omfattast av kravet til løyve for inn- og utførsel av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon
- Våpenforskrifta § 14-1 første leddOvergangsreglar
- Våpenlova § 10Fritak i særskilde tilfelle
- Våpenlova § 11Erverv av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon til jakt
- Våpenlova § 12Erverv av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon til sportsskyting
- Våpenlova § 13Erverv av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon til samling
- Våpenlova § 14Erverv av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon til andre føremål
- Våpenlova § 15Krav til alder
- Våpenlova § 16Krav til vandel og personlege eigenskapar
- Våpenlova § 17Krav til juridiske personar
- Våpenlova § 18Lån eller overlating av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon
- Våpenlova § 19Krav til oppbevaring av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon
- Våpenlova § 20Krav til mellombels oppbevaring, transport og sending av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon
Koblinger for § 5 i våpenlova.