Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 6. Løyve med vidare for våpendelar

Våpenlova·Kapittel 3. Skytevåpen, våpendelar og ammunisjon

Løyve med vidare for våpendelar

Den som vil erverve eller ha våpendelar som fastsett i medhald av tredje ledd, må ha løyve frå politiet. Den som vil avhende løyvepliktige våpendelar, må trygge at den som ervervar gjenstanden, har løyve frå politiet til å kunne erverve gjenstanden. Politiet kan berre gje løyve til erverv etter første punktum når vedkomande har løyve til å ha skytevåpen som våpendelen kan brukast i. Utanom dei tilfella som er nemnde i §§ 10, 12 eller 13, kan ikkje politiet gje løyve til å erverve, ha, tilverke, importere eller omsette nærare bestemte våpendelar som saknar ein lovleg bruk eller som gjev skytevåpen særskilt farlege eigenskapar. Kongen gjev forskrift om kva våpendelar som er løyvepliktige etter første ledd, registreringsplikt for våpendelar som ikkje er løyvepliktige, samt kva våpendelar som ikkje er tillatne etter andre ledd.

Det kreves tillatelse fra politiet for å kjøpe eller eie visse våpendeler. Den som selger slike deler, må sjekke at kjøperen har gyldig tillatelse. Politiet gir normalt bare tillatelse dersom personen allerede har lov til å ha et skytevåpen som delen passer til.AI

Se ogsåVåpenlova § 10Våpenlova § 12Våpenlova § 13referert av 20

Sammenheng

Utfyllende forskrifter2
Se også3
Referert av20

Koblinger for § 6 i våpenlova.

Les hele loven i sammenheng →