Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 7. Løyve med vidare for ammunisjon

Våpenlova·Kapittel 3. Skytevåpen, våpendelar og ammunisjon

Løyve med vidare for ammunisjon

Den som vil erverve eller ha ammunisjon, må enten ha løyve til å ha og bruke skytevåpen som ammunisjonen passar i, eller ha særskilt løyve frå politiet. Eit særskilt løyve til å erverve ammunisjon etter første punktum skal, utanom dei tilfella som er nemnde i § 13, vere avgrensa til ei nærare bestemt mengde og kan ikkje gjevast for lengre tid enn tre månader, med mindre noko anna er fastsett i forskrift. Den som vil avhende eller overlate ammunisjon, må tryggje at ervervar enten har løyve til å ha og bruke skytevåpen som ammunisjonen passar i, eller har særskilt løyve til erverv frå politiet. Første punktum gjeld ikkje for overlating til bruk i medhald av § 18 fjerde ledd. Det kan berre avhendast eller overlatast ammunisjon i mengder som står i rimeleg forhold til det føremålet som grunngjev ervervet. Utanom dei tilfella som er nemnde i §§ 10 eller 13, kan ikkje politiet gje løyve til å erverve, ha, tilverke, importere eller omsette følgjande ammunisjonstypar: 1) panserbrytande, brannstiftande og eksplosiv ammunisjon, 2) ammunisjon til pistol eller revolver med sentertenning som har prosjektil med ekspanderande effekt, med unnatak for ammunisjon som vert bruka til sportsskyting, 3) andre ammunisjonstypar enn dei som er nemnde i nr. 1 og 2, når ammunisjonen enten saknar ein lovleg bruk eller gjev skytevåpen særskilt farlege eigenskapar.

For å kjøpe eller eie ammunisjon må man ha tillatelse til et våpen ammunisjonen passer i, eller ha spesialtillatelse fra politiet. Den som selger eller gir bort ammunisjon må sjekke at mottakeren har riktig tillatelse.AI

Se ogsåVåpenlova § 13Våpenlova § 18Våpenlova § 10referert av 20

Sammenheng

Se også3
Referert av20

Koblinger for § 7 i våpenlova.

Les hele loven i sammenheng →