Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 54.

Veglova·Kapittel VII. Private vegar.·Sist endret 1. januar 2016
Når privat veg blir brukt som sams tilkomst for fleire eigedomar, pliktar kvar eigar, brukar eller den som har bruksrett, kvar etter same høvetal som gjeld for den bruk han gjer av vegen, å halde vegen i forsvarlig og brukande stand. Det blir med dette ikkje gjort endring i rettar som måtte vere vunne, eller i føresegner som elles måtte vere gitt for vedlikehaldet av vegen. Plikta kan oppfyllast med yting av materiale eller arbeid eller med betaling av pengar. Det som i første ledd er fastsatt om vedlikehaldet av vegen, skal på same vilkår gjelde også for utbetring av privat veg. Blir dei interesserte ikkje samde om korleis plikta til vedlikehald eller utbetring skal fordelast, kan kvar av dei krevje at desse spørsmåla skal avgjerast av jordskifteretten. Er slik avgjerd og avgjerd etter § 53 tredje ledd teke etter reglar i § 55, må krav om avgjerd vere sett fram innan tre månader etter at mottakaren fekk melding om avgjerda eller kunne ha gjort seg kjent med ho og om fristen. Når fem år er gått sidan bindande avgjerd er tatt etter reglane i § 55 eller av jordskifteretten, kan dei interesserte eller veglaget krevje ny avgjerd av veglaget eller av jordskifteretten.

Eiere og brukere av en privat vei som brukes av flere eiendommer, må dele på ansvaret for å holde veien i god stand. Dette gjelder både vedlikehold og utbedring. Hvis man ikke blir enige, kan saken avgjøres av jordskifteretten.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 juli 1996), 21 juni 2013 nr. 100 (ikr. 1 jan 2016 iflg. res. 21 juni 2013 nr. 736).

Se ogsåVeglova § 53Veglova § 55omtalt i 1 kildereferert av 1

Sammenheng

Se også2
Referert av1
Nevnt i1

Koblinger for § 54 i veglova.

Les hele loven i sammenheng →