Dei som har plikter etter § 54 første ledd, utgjer eit veglag. Veglaget skal møtast ein gong i året eller når det er turvande. Det tek fleirtalsavgjerd i alle spørsmål som gjeld vegfellesskapet og står for den daglege drifta.
Når det ikkje er grunn for anna, har einkvar i veglaget ei røyst. Dersom nokon i veglaget blir tillagt større plikt enn andre, skal røysteretten aukast tilsvarande. I mangel av semje om slik fordeling skal veglaget leggje si avgjerd i saka fram til endeleg avgjerd for jordskifteretten etter § 54 tredje ledd.
Veglaget kan for den daglege drifta velje eit styre med eit eller fleire medlemmer til å handsame saker for det, og kan òg vedta vedtekter for laget. På grunnlag av høvetalet etter § 54, fastset veglaget det årlege driftstilskotet frå den einskilde. Veglaget kan òg fastsette vederlaget for bruksrett til veg som alt ligg der. Veglaget har tilsynet med at pliktene blir stetta slik som fastsett av veglaget, jordskifteretten eller på anna vis.
Om nokon ikkje fyller sin part av plikter fastsette etter § 54 og denne paragrafen, kan veglaget gjere vedtak om at arbeidet skal gjerast på den ansvarlege sin kostnad.
Veglaget kan elles ta avgjerd om å
-) setje av pengar til eit fond for tiltak til utbetringar,
-) ta opp lån,
-) fremje søknad om rett til å krevje bompengar,
-) gi vilkårsbunden vegrett til nye brukarar og trekkje slik bruksrett tilbake,
-) gjere avtale med eigarane til veggrunnen,
-) fremje krav om oreigning,
-) treffe avgjerd om fartshinder og annan trafikkregulering og om parkering,
-) inngå kontrakt om bygging, utbetring og vedlikehald av vegen.
Det som er bestemt i paragrafen her om den einskilde sine rettar og plikter, gjeld òg om ansvaret for drifta av vegen ligg i eit sameige, eit samvirkeføretak, eller er skipa på annan måte.
Personer med plikter for en privat vei utgjør et veglag. Veglaget styrer den daglige driften, tar beslutninger ved flertall og kan bestemme bidrag til vedlikehold og utbedringer. Hvis noen ikke oppfyller pliktene sine, kan veglaget få arbeidet utført for den persons regning.AI
Noter (1)
- EndringEndra med lover 15 des 1967 nr. 2, 1 mars 1996 nr. 11 (ikr. 1 juli 1996), 7 apr 2000 nr. 21 (ikr. 1 mai 2000 iflg. res. 7 apr 2000 nr. 318), 29 juni 2007 nr. 81 (ikr. 1 jan 2008 iflg. res. 23 nov 2007 nr. 1287), 21 juni 2013 nr. 100 (ikr. 1 jan 2016 iflg. res. 21 juni 2013 nr. 736).
Sammenheng
Se også1
Referert av1
Endringshistorikk1
Koblinger for § 55 i veglova.