Hopp til innhold
Forskrift

§ 5-7. Erverv og innehav av skytevåpen til vern mot åtak frå isbjørn

Våpenforskrifta·Kapittel 5. Andre ervervsgrunnlag·Sist endret 1. juli 2021

Erverv og innehav av skytevåpen til vern mot åtak frå isbjørn

Politiet kan gje personar som skal opphalde seg i område med førekomst av isbjørn, løyve til å erverve og ha ei rifle eller eitt haglevåpen, samt våpendelar til desse skytevåpena, til vern mot isbjørn. Politiet kan gje løyve etter første ledd for rifler og haglevåpen som er tillatne til jakt etter våpenlova § 11 andre ledd og kapittel 3 i denne forskrifta. Politiet kan likevel berre gje løyve til erverv av rifler som brukar ammunisjon med prosjektildiameter 7,82 millimeter eller større. Prosjektilet som brukast skal minst vege 10 gram og må gje ein anslagsenergi på minst 2200 Joule på 100 meter avstand. Politiet kan også gje løyve til erverv av revolver som brukar ammunisjon med prosjektildiameter 10,9 millimeter eller større, med kulevekt på minst 14,9 gram, til personar som kan dokumentere eit grunna behov for skytevåpen som er enklare å bere med seg enn haglevåpen eller rifle. Eit løyve etter første og andre ledd kan berre gjevast til personar som kan dokumentere å ha tilstrekkeleg våpendugleik med det aktuelle skytevåpenet, som til dømes gjennomført førstegongsteneste eller aktivitet i godkjent skyttarorganisasjon. Sysselmeisteren på Svalbard kan gje nærare retningsliner om erverv og innehav av skytevåpen til vern mot isbjørnåtak.

Politiet kan gi tillatelse til å kjøpe og eie rifle, hagle eller revolver for beskyttelse mot isbjørn i områder hvor det finnes isbjørn. Det stilles krav til våpenets styrke og at personen kan dokumentere tilstrekkelig kunnskap om bruk av våpenet.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 28 juni 2021 nr. 2250 (i kraft 1 juli 2021).

Se ogsåVåpenlova § 11referert av 1

Sammenheng

Utfyllende forskrifter1
Se også1
Referert av1
Endringshistorikk1

Koblinger for § 5-7 i våpenforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →