Erverv til vern mot åtak
Politiet kan gje reiarar løyve til å mellombels ha skytevåpen, våpendelar og ammunisjon på vegne av eit innleigd vaktselskap for å verne norskregistrerte ISPS-skip mot terrorhandlingar og piratverksemd, som nemnt i skipssikkerhetsloven kapittel 6. Politiet kan ikkje gje løyve etter første punktum for vaktselskap som er forbodne etter forskrift 22. juni 2004 nr. 972 om sikkerhet, pirat- og terrorberedskapstiltak og bruk av maktmidler om bord på skip og flyttbare boreinnretninger (sikkerhetsforskriften) § 20 fjerde ledd.
Politiet kan berre gje løyve etter første ledd for segling i, til eller frå eit område med beredskapsnivå 2, eller 3, jf. sikkerhetsforskriften § 2 og § 15, og som seglar sør for 46 grader nordleg breidde.
Politiet kan gje løyve etter første ledd for rifler, haglevåpen og pistolar som er godkjente til sportsskyting etter § 4-4 og § 4-5 i denne forskrifta og våpenlova § 12 andre ledd, samt for følgjande skytevåpen:
1) heilautomatiske skytevåpen som brukar ammunisjon med prosjektildiameter inntil 9 millimeter, og
2) rifler med enkeltskotlading, manuell omlading eller halvautomatisk funksjon, som brukar ammunisjon i kaliber 12,7X99.
Politiet kan gje løyve etter første til tredje ledd for inntil seks månader av gangen.
Politiet kan gi reiarar midlertidig tillatelse til å ha våpen og ammunisjon om bord på visse skip for å beskytte mot pirater og terror. Dette gjelder fortrolig for skip som seiler i bestemte områder sør for 46 grader nordlig bredde.AI
Endret 3. juli 2026 · i kraft 2. juli 2026
Endringshistorikk (2)
- 3. juli 2026Endr. i våpenforskrifta
- 28. mai 2026Endr. i våpenforskrifta
Se ogsåSikkerhetsforskriften (skip mv) § 20Sikkerhetsforskriften (skip mv) § 2 første leddSikkerhetsforskriften (skip mv) § 15Våpenforskrifta § 4-4referert av 1 →
Sammenheng
Se også6
Endringshistorikk2
Koblinger for § 5-8 i våpenforskrifta.