Forskrift
§ 6-1. Bruk av skolen sine midlar
Økonomiforskrift til privatskolelova·Kapittel 6. Bruk av statstilskot m.m.·Sist endret 15. juni 2022
Bruk av skolen sine midlar
Statstilskot, skolepengar, inntekter frå skoleverksemd og inntekter frå tilleggsverksemd skal nyttast til å gi opplæring i samsvar med godkjenninga etter privatskolelova og skal kome elevane til gode. Inntekter frå tilleggverksemd kan òg nyttast til ei eller fleire tilleggsverksemder. Tilleggsverksemder må samla sett være sjølvfinansierte.
Statstilskott, skolepengar og inntekter frå skoleverksemda kan ikkje nyttast til å finansiere tilleggsverksemd.
Statstilskot, skolepengar, inntekter frå skoleverksemd og inntekter frå tilleggverksemd skal brukast det året dei blir mottekne. Dei kan likevel disponerast etter § 6-3.
Skolen kan ikkje gi utbyte eller på annan måte overføre overskot frå statstilskot, skolepengar, inntekter frå skoleverksemd og inntekter frå tilleggverksemd til eigarane eller deira nærståande.
Statstilskot, skolepengar, inntekter frå skoleverksemd og inntekter frå tilleggverksemd kan ikkje lånast ut.
Skolens penger skal brukes til opplæring som kommer elevene til gode. Midlene skal brukes i det året de mottas, og kan ikke lånes ut eller gis som utbytte til eierne.AI
Noter (1)
- EndringEndra ved forskrift 15 juni 2022 nr. 1024.
Sammenheng
Endringshistorikk1
Koblinger for § 6-1 i økonomiforskrift-til-privatskolelova.