Hopp til innhold
Forskrift

§ 8-1. Krav til rekneskap

Økonomiforskrift til privatskolelova·Kapittel 8. Rekneskap, revisjon og dokumentasjon·Sist endret 1. januar 2025

Krav til rekneskap

Skolen sitt rekneskap skal følgje kalenderåret. Kontoplanen skal byggje på gjeldande Norsk standard kontoplan med eigne konti for skolepengar og statstilskot. Alle transaksjonar som gjeld skoledrifta etter privatskolelova, skal førast i rekneskapen. Rekneskapen kan innehalde eigarskap, kostnader og inntekter knytte til tilleggsverksemd, jf. § 2-2 og § 7-1. Kvar tilleggsverksemd skal førast på eiga avdeling. Rekneskapen skal vise interne transaksjonar mellom avdelingane. Transaksjonane skal vere tilfredsstillande dokumenterte. Skolen skal kvart år innan ein frist fastsett av departementet, sende inn årsrekneskap, årsberetning, revisjonsberetning og opplysningar som underbyggjer rekneskapen til skolen til departementet. Årsberetninga må minst innehalde andre, femte, åttande, niande og tiande ledd i regnskapsloven § 2-2. Driv skolen tilleggsverksemd etter § 2-2 og § 7-1, skal skolen òg sende inn avdelingsrekneskap. Rapporteringa skal skje på eit standardisert skjema fastsett av departementet. Utdanningsdirektoratet kan etter søknad utsetje tidsfristen i tredje ledd.

Privatskolar skal føre rekneskap etter kalenderåret og bruke norsk standard kontoplan. Alle transaksjonar for skoledrifta skal førast, og tilleggsverksemd skal ha eigne avdelingar. Skulen må kvart år sende inn rekneskap og beretningar til departementet.AI

Endret 20. desember 2024 · i kraft 1. januar 2025
Endringshistorikk (3)
  • 20. desember 2024Forskrift om endring i økonomiforskrift til privatskolelova og forskrift til privatskolelova kapittel 6A
  • 15. juni 2022Forskrift om endring i økonomiforskrift til friskolelova
  • 11. desember 2019Endr. i økonomiforskrift til friskolelova og i forskrift til voksenopplæringsloven kapittel 4
Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrifter 9 des 2019 nr. 1705 (i kraft 1 jan 2020), 15 juni 2022 nr. 1024, 20 des 2024 nr. 3331 (i kraft 1 jan 2025).

Se ogsåØkonomiforskrift til privatskolelova § 2-2Økonomiforskrift til privatskolelova § 7-1Regnskapsloven § 2-2 første ledd

Sammenheng

Se også3
Endringshistorikk3

Koblinger for § 8-1 i økonomiforskrift-til-privatskolelova.

Les hele forskriften i sammenheng →