Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 19. Avtaler om privatarkiv som skal takast vare på

Arkivlova·Kapittel 3. Privatarkiv

Avtaler om privatarkiv som skal takast vare på

Statlege, fylkeskommunale og kommunale bevaringsinstitusjonar skal forvalte privatarkiv etter § 16 når ein arkiveigar har inngått avtale med dei om avlevering eller deponering. Arkiveigaren kan likevel fastsetje avgrensingar på sakleg grunnlag i tilgangen til privatarkivet i opp til 100 år. Når eit privatarkiv er avlevert, går eigedomsretten over til bevaringsinstitusjonen. Når eit privatarkiv er deponert, kan den som har deponert arkivet, krevje å få det attende. Eigedomsretten til eit deponert privatarkiv går likevel over til bevaringsinstitusjonen når det har gått 100 år frå deponeringa, om det ikkje er avtalt eit tidlegare tidspunkt for overføring av eigedomsretten.

Offentlege arkiv kan ta vare på private arkiv gjennom avtale om avlevering eller deponering. Ved avlevering blir arkivet institusjonen sin eigedom. Ved deponering kan eigaren be om å få det tilbake, men eigedomsretten går over til institusjonen etter 100 år med mindre annet er avtalt.AI

Se ogsåArkivlova § 16omtalt i 1 kildereferert av 1

Sammenheng

Se også1
Referert av1
Nevnt i1

Koblinger for § 19 i arkivlova-2025.

Les hele loven i sammenheng →