Særskilt bevaringsverdig privatarkiv
Nasjonalarkivet kan fastsetje at eit privatarkiv er særskilt bevaringsverdig.
Arkiveigaren eller bevaringsinstitusjonen som forvaltar det særskilt bevaringsverdige privatarkivet, skal melde frå til Nasjonalarkivet dersom:
a) arkivet skiftar eigar eller blir overført til andre
b) det er planar om å føre arkivet eller delar av det ut av landet
c) arkivet står i fare for å gå tapt.
Særskilt bevaringsverdige privatarkiv skal ikkje delast opp, førast ut av landet, skadast eller kasserast utan at Nasjonalarkivet har samtykt til det. Som vilkår for samtykke kan Nasjonalarkivet krevje å få kopiere arkivet, medrekna metadata og annan kontekstinformasjon, vederlagsfritt. Det same gjeld dersom nokon som har deponert eit særskilt bevaringsverdig privatarkiv, krev å få det attende. Dersom det er fastsett avgrensingar i samsvar med § 19 første ledd, gjeld dette òg for kopien.
Nasjonalarkivet kan bestemme at et privatarkiv er særskilt bevaringsverdig. Eieren må varsle om eierskifte, utflytting fra landet eller fare for tap. Slike arkiver kan ikke deles opp, flyttes ut av landet, skades eller kastes uten samtykke.AI
Sammenheng
Se også1
Referert av2
Koblinger for § 20 i arkivlova-2025.