Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 9. Kassasjon m.m

Arkivlova·Kapittel II. Offentlege arkiv.·Sist endret 20. juli 2018

Kassasjon m.m

Utan i samsvar med føresegner gjevne i medhald av § 12 i denne lova eller etter særskilt samtykke frå Riksarkivaren, kan ikkje arkivmateriale a) avhendast. b) førast ut or landet, dersom dette ikkje representerer ein naudsynt del av den forvaltningsmessige eller rettslege bruken av dokumenta. c) kasserast. Dette forbodet går framom føresegner om kassasjon i eller i medhald av andre lover. Personregister eller delar av personregister kan likevel slettast etter føresegnene i helseregisterlova og etter føresegner i medhald av helseregisterlova §§ 8 til 12. Slik sletting kan først gjerast etter at det er innhenta fråsegn frå Riksarkivaren. Personregister eller delar av personregister kan i tillegg slettast etter føresegner i medhald av politiregisterloven § 69 første ledd nr. 16. d) rettast på ein slik måte at tidlegare urette eller ufullstendige opplysningar vert sletta, dersom desse har hatt noko å seia for saksførebuinga, vedtak eller anna som etter føremålet med denne lova bør kunna dokumenterast. Føresegner om sletting gjevne i medhald av §§ 8 til 11 og § 25 andre leden i helseregisterlova, gjeld likevel uinnskrenka.

Offentlig arkivmateriale kan som hovedregel ikke selges, flyttes ut av landet, kastes eller slettes. Det er strenge regler for endring av dokumenter som har vært viktige for saksbehandling og vedtak.AI

Endret 19. juni 2015
Endringshistorikk (3)
Noter (1)
  • EndringEndra med lover 14 apr 2000 nr. 31 (ikr. 1 jan 2001 iflg. res. 30 juni 2000 nr. 641), 18 mai 2001 nr. 24 (ikr. 1 jan 2002 iflg. res. 18 mai 2001 nr. 502), 20 juni 2014 nr. 43 (ikr. 1 jan 2015 iflg. res. 19 des 2014 nr. 1732), 19 juni 2015 nr. 61 (ikr. 1 juli 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 680), 21 juni 2017 nr. 94 (ikr. 6 mai 2018 iflg. res. 27 apr 2018 nr. 642), 15 juni 2018 nr. 38 (ikr. 20 juli 2018 iflg. meddelelse 17 juli 2018 nr. 1195).

Se ogsåArkivlova § 12Helseregisterloven § 8Politiregisterloven § 69 første leddArkivlova § 11omtalt i 4 kilderreferert av 3

Sammenheng

Se også5
Referert av3
Nevnt i4
Endringshistorikk3

Koblinger for § 9 i arkivlova.

Les hele loven i sammenheng →