Lov
Nynorsk
§ 7. (når skadelidaren har medverka til skaden)
(når skadelidaren har medverka til skaden)
Har skadelidaren medverka til skaden med vilje eller i aktløyse, kan retten minka skadebotkravet eller lata det falla heilt bort, så nær som når skadelidaren kan leggjast berre lite til last. Avgjerda skal retta seg etter åtferda på kvar side og tilhøva elles.
Gjer ei motorvogn skade medan ho står still og skaden ikkje vert gjord medan vogna vert sett i gang eller stogga, kan retten minka skadebotkravet eller lata det falla heilt bort, jamvel når skadelidaren kan leggjast berre lite til last.
Skadelidaren kan ikkje få skadebot utan at særlege grunnar er for det, dersom han av fri vilje køyrde eller let seg køyre i den vogna som gjorde skaden endå han visste at vogna var fråvend rette innehavaren med brotsverk.
Skadeliden vognførar som køyrde den vogna som gjorde skaden, kan ikkje få skadebot utan at særlege grunnar er for det dersom han visste eller måtte vita at
a) vogna vart nytta i samband med eit brotsverk, eller
b) han var påverka av alkohol eller andre rusande eller døyvande råder. Særregelen her gjeld likevel ikkje i den mon ein må leggja til grunn at skaden ville ha skjedd jamvel om vognføraren ikkje hadde vore påverka som nemnd. Hadde vognføraren større alkoholkonsentrasjon i blodet enn 0,5 promille eller ei alkoholmengd i kroppen som kan føre til så stor alkoholkonsentrasjon i blodet, eller større alkoholkonsentrasjon i utandingslufta enn 0,25 milligram per liter luft, vert han i alle tilfelle rekna for påverka av alkohol i høve til regelen her.
Erstatningen kan reduseres eller falle helt bort dersom den skadelidte selv har skyld i skaden. Det gjelder også i visse tilfeller når bilen står stille, eller hvis føreren var påvirket av rus eller involvert i et lovbrudd.AI
Endret 18. februar 2022
Endringshistorikk (2)
- 18. februar 2022Endringslov til forsikringsavtaleloven mv.
- 15. juni 2001Endringslov til bilansvarslova
Noter (2)
- EndringEndra med lover 21 juni 1985 nr. 81, 27 nov 1992 nr. 113 (ikr. 1 jan 1994), 22 sep 2000 nr. 79 (ikr. 1 jan 2001 iflg. res. 22 sep 2000 nr. 959), 15 juni 2001 nr. 61 (ikr. 16 juni 2001 iflg. res. 15 juni 2001 nr. 691).
- Note 1Jf. EØS-avtalen vedlegg IX nr. 8 (dir 2009/103 art. 13 nr. 1 (2)).
Sammenheng
Endringshistorikk2
Koblinger for § 7 i bilansvarslova.