Lov
Nynorsk
§ 8. (samanstøyt og anna)
(samanstøyt og anna)
Skade som ei motorvogn gjer på ei anna motorvogn eller ei skjenegangsvogn eller på folk eller gods i slike vogner, går inn under trafikktrygdinga åt vogna berre når skaden kjem av
a) at eigaren, brukaren eller køyraren eller nokon annan som var med i vogna, ikkje bar seg forsvarleg åt, eller
b) at vogna ikkje var i orden eller svikta, eller
c) at vogna elles vart køyrd, fråsegsett eller handsama slik at ho kom i strid med gjeldande trafikkreglar.
Var det på skadelidar-sida òg, slike omstende som er nemnde i fyrste leden, avgjer retten om det skal svarast skadebot etter fyrste leden og då kor stor summen skal vera. Avgjerda skal retta seg etter åtferda på kvar side og tilhøva elles.
Noter (1)
- EndringEndra med lov 21 juni 1985 nr. 81.
Sammenheng
Referert av4
Endringshistorikk1
Koblinger for § 8 i bilansvarslova.