Lov
Nynorsk
§ 9. (ansvarsgrense ved skade på eige)
(ansvarsgrense ved skade på eige)
Når eige vert skadd, kan skadebota vera opptil 100 000 000 kroner for det som vert skadd i same hending. Var det meir enn ei vogn som gjorde skaden, hefter dei som har ansvaret for kvar vogn, for heile summen.
Er skaden på eiget større enn 100 000 000 kroner, og meir enn éin har lide skade, vert summen bytt mellom dei etter storleiken på kvart skadebotkrav. Krav om skadebot må setjast fram til trygdeverket eller, om så er, staten eller den kommunen eller kommunale institusjonen som det gjeld, jf. § 16, seinast ein månad etter skaden vart gjord. Skadelidar som set fram kravet sitt etter den tid og etter at skadebota til andre skadelidarar er utreidd, kan krevja sitt berre av det som står att av ansvarssummen (trygdesummen).
Attåt skadebot som nemnd i paragrafen her, skal det svarast rente etter § 6 og sakskostnad.
Det er en øvre grense for erstatning ved skade på eiendeler. Hvis flere kjøretøy er ansvarlige, hefter hver av dem for hele summen. Erstatning skal også inkludere renter og sakskostnader.AI
Endret 26. mai 2020
Endringshistorikk (3)
- 26. mai 2020Endringslov til bilansvarslova (verkeområde, ansvarsgrense mv.)
- 18. desember 2015Endringslov til skadeserstatningsloven mv.
- 8. juni 2007Endringslov til bilansvarslova
Noter (3)
- EndringEndra med lover 25 mai 1973 nr. 26, 17 des 1976 nr. 100, 21 juni 1985 nr. 81, 8 juni 2007 nr. 19 (ikr. 11 juni 2007, men sjå endringslovas del II), 26 mai 2020 nr. 46 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 26 mai 2020 nr. 1054).
- Note 1Jf. EØS-avtalen vedlegg IX nr. 8 (direktiv 2009/103 art. 9).
- Note 2Etter lov 8 juni 2007 nr. 19 , II, gjeld dette beløpet frå 1 jan 2008. Frå 11 juni 2007 til og med 31 des 2007 var beløpet 2.000.000 kroner.
Se ogsåBilansvarslova § 16Bilansvarslova § 6omtalt i 1 kilde →referert av 1 →
Sammenheng
Utfyllende forskrifter1
Referert av1
Endringshistorikk3
Koblinger for § 9 i bilansvarslova.