Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 16. (kven som ikkje treng om å trygda seg)

Bilansvarslova·Kapittel IV. Trafikktrygding.

(kven som ikkje treng om å trygda seg)

Motorvogn som høyrer den norske staten til, treng ikkje vera trygda etter denne lova. Når departementet samtykkjer, treng heller ikkje motorvogn som høyrer ein framand stat eller ein mellomfolkeleg samskipnad til, vera trygda etter denne lova. I serhøve kan departementet jamvel samtykkja i at ein kommune eller ein kommunal institusjon let vera å trygda sine motorvogner etter denne lova, anten sume slag motorvogner eller alle slag. Når ei motorvogn er utrygda etter denne paragrafen, og vogna gjer skade, har staten, eller den kommunen eller den kommunale institusjonen det gjeld, same ansvaret som ein trygdar har etter lovleg trygding og, om inkje anna er avtala, same rett som ein trygdar, til å søkja sine utlegg att hjå andre ansvarlege.

Visse kjøretøy eid av staten, utlandske stater, internasjonale organisasjoner eller kommuner kan være fritatt fra kravet om forsikring. Hvis et slikt kjøretøy gjør skade, har eieren det samme ansvaret som et forsikringsselskap ville hatt.AI

Endret 18. februar 2022
Endringshistorikk (3)

referert av 2

Sammenheng

Referert av2
Endringshistorikk3

Koblinger for § 16 i bilansvarslova.

Les hele loven i sammenheng →