Lov
Nynorsk
§ 17. (føresegner om trygding mv.)
(føresegner om trygding mv.)
Departementet kan gje nærare føresegner om trafikktrygding, m a om
a) godkjenning eller registrering av trygdelag,
b) krav til trygdelag, trygdeavtalar m v,
c) plikt for trygdelag til å vera medlem i ein samskipnad av trygdelag (Trafikkforsikringsforeningen) og om samskipnadens verksemd,
d) i kva grad trygding skal gjelda skade som motorvogn gjer i utlandet, og om utreiing av skadebot for slik skade,
e) trygding for utanlandske motorvogner som vert nytta her i riket mellombels,
f) utreiing av skadebot etter § 10, og om korleis slik skadebot skal bytast på trygdelaga,
g) at motorvogn som ikkje skal trygdast, skal reknast som utrygda etter reglane i bilansvarslova § 10, og om attsøkjingsrett for dei trygdelaga som har reidd ut skadebot for slik skade,
h) trygding for motorvogner som blir ført inn til riket utan å vere registrert her,
i) at alle eller sume slag uregistrerte motorvogner skal ha med lovleg trygdeprov når dei vert køyrde eller fråsegsette på gate, veg eller annan stad der ålmenta kan ferdast.
Departementet kan vidare gje nærare føresegner om oppretting og drift av informasjonssenter og erstatningsorgan i samsvar med dei plikter staten har påtatt seg gjennom EØS-avtalen. I den utstrekning departementet finn det tenleg, kan ein leggje oppgåver i samband med dette til Trafikkforsikringsforeningen.
Departementet kan lage utfyllende regler om trafikkforsikring. Dette inkluderer krav til forsikringsselskap, forsikring for utenlandske kjøretøy og regler for uregistrerte kjøretøy.AI
Endret 20. juni 2025
Endringshistorikk (6)
- 20. juni 2025Endringslov til bilansvarslova
- 18. februar 2022Endringslov til forsikringsavtaleloven mv.
- 26. mai 2020Endringslov til bilansvarslova (verkeområde, ansvarsgrense mv.)
- 19. desember 2017Endringslov til bilansvarslova
- 8. juni 2007Endringslov til bilansvarslova
- 21. juni 2002Endringslov til bilansvarslova
Noter (2)
- EndringEndra med lover 27 nov 1992 nr. 113 (ikr. 1 jan 1994), 21 juni 2002 nr. 41 (ikr. 1 jan 2003), 8 juni 2007 nr. 19 (ikr. 11 juni 2007), 26 mai 2020 nr. 46 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 26 mai 2020 nr. 1054). Vert endra ved lov 20 juni 2025 nr. 80 (i kraft frå den tid Kongen bestemmer).
- Note 1Jf. EØS-avtalen vedlegg IX nr. 8 (direktiv 2009/103 ).
Sammenheng
Utfyllende forskrifter1
Se også1
Referert av7
- Forskrift om bruk av utenlandsk motorvogn § 2
- Forskrift om trafikktrygd § 1g
- Forskrift om trafikktrygd § 9
- Forskrift om særavgifter § 3-23-9Avgiftsbetaling – utenlandske virksomheter
- Forskrift om særavgifter § 5-1 første leddRegistreringsplikt
- Bilansvarslova § 10(motorvogn som ikkje er trygda eller ikkje kjend)
- Bilansvarslova § 20(straffer)
Endringshistorikk6
Koblinger for § 17 i bilansvarslova.