Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 10. (motorvogn som ikkje er trygda eller ikkje kjend)

Bilansvarslova·Kapittel II. Skadebot som trafikktrygdaren skal svara.·Sist endret 1. januar 2021

(motorvogn som ikkje er trygda eller ikkje kjend)

Når ei motorvogn som skulle vore trygda, men ikkje er det, gjer skade på folk eller eige, skal dei trygdelaga som er godkjende eller registrerte etter § 17 bokstav a, bera skaden i lag som om vogna hadde vore lovleg trygda hjå dei. Det same gjeld når ei motorvogn som ikkje er trygda, vert nytta urettmessig. Fyrste og andre punktum gjeld likevel ikkje om skadelidaren av fri vilje har teke plass i motorvogna som gjorde skaden, endå skadelidaren visste at ho ikkje var lovleg trygda. Har ei motorvogn gjort skade på folk, fast eigedom eller dyr, men ingen veit å seia kva for vogn det var, skal dei trygdelaga som er godkjende eller registrerte etter § 17 første ledd bokstav a, bera skaden i lag som om vogna hadde vore lovleg trygda hjå dei. Fyrste punktum gjeld tilsvarande for skade på anna eige enn fast eigedom og dyr, men berre når det ved hendinga også er gjort meir enn uvesentleg skade på person. I vurderinga av om det er gjort meir enn uvesentleg skade på person, skal det leggjast vekt på kor stor og varig skaden er.

Hvis et kjøretøy uten forsikring eller et ukjent kjøretøy forårsaker skade, skal godkjente forsikringsselskaper dele på ansvaret. Dette gjelder ikke dersom personen som ble skadet visste at bilen manglet forsikring og likevel ble med.AI

Endret 18. februar 2022
Endringshistorikk (4)
Noter (3)
  • EndringEndra med lover 25 mai 1973 nr. 26, 27 nov 1992 nr. 113 (ikr. 1 jan 1994), 26 mars 1999 nr. 16, 15 juni 2001 nr. 61 (ikr. 16 juni 2001 iflg. res. 15 juni 2001 nr. 691), 8 juni 2007 nr. 19 (ikr. 11 juni 2007), 26 mai 2020 nr. 46 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 26 mai 2020 nr. 1054).
  • Note 1Jf. EØS-avtalen vedlegg IX nr. 8 (direktiv 2009/103 art. 10).
  • Note 2Jf. EØS-avtalen vedlegg IX nr. 7 (direktiv 2009/138 ).

Se ogsåBilansvarslova § 17referert av 4

Sammenheng

Se også1
Referert av4
Endringshistorikk4

Koblinger for § 10 i bilansvarslova.

Les hele loven i sammenheng →