Søknad om løyve etter brukthandellova i eitt politidistrikt skal sendast til og avgjerast av vedkomande politimeister. Skal det drivast handel i fleire politidistrikt, skal søknaden sendast til den politimeisteren der verksemda har sitt hovudkontor. Dei berørte politimeistrane skal uttale seg før løyve vert gitt. Politiet skal alltid sende kopi av brukthandelløyvet til den/dei aktuelle kommunane.
Ved behandlinga av søknaden kan det leggjast vekt på tidlegare domfellingar eller bøteleggingar når dei kan gi grunn til å frykte for misbruk av løyvet. Domfelling eller bøtelegging for ran, tjuveri, heleri e.l. dei siste to åra, vil under alle omstende føre til avslag på søknad om løyve. Politiet vil kunne gi ei førehandsvurdering av vandelen til søkjaren.
Skal ein annan enn løyveinnehavaren stå for handelen, må også han ha løyve frå politiet.
Er søkjaren ein juridisk person, skal løyve gjevast til foretaket ved ein namngjeven person i leiinga. Politiet skal godkjenne denne personen.
Ingen kan starte handel før han har løyve.
Søknad om tillatelse til brukthandel sendes til politimesteren. Man må ha tillatelse før handelen starter, og visse straffbare forhold fører til avslag. Hvis et selskap søker, må en navngitt person i ledelsen godkjennes av politiet.AI
Endret 12. januar 2010 · i kraft 28. desember 2009
Endringshistorikk (2)
- 12. januar 2010Endr. i brukthandelforskriften
- 21. november 2006Endr. i brukthandelforskriften
Noter (1)
- EndringEndra ved forskrifter 20 nov 2006 nr. 1269 (i kraft 1 jan 2007), 22 des 2009 nr. 1813 (i kraft 28 des 2009).
Sammenheng
Endringshistorikk2
Koblinger for § 3 i brukthandelforskrifta.