Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 11. Skjønn ved tiltreding og fråtreding

Forpaktingslova·Sist endret 1. juni 2021

Skjønn ved tiltreding og fråtreding

Det skal haldast skjønn til opplysning om kva tilstand eigedomen er i både når forpaktinga blir tiltrådt og når ho blir fratrådt. Har partane ikkje avtala noko anna, blir skjønnet halde av eit utval på tre medlemer som blir valt av kommunestyret. Skjønn som blir halde av dette utvalet, kan klagast til statsforvaltaren. Tiltredingsskjønnet bør ikke haldast tidlegare enn seks månader før, eller seinare enn tre månader etter tiltredinga, og fråtredingsskjønnet ikkje tidlegare enn seks månader før, eller seinare enn tre månader etter fråtredinga. Skjønnsmedlemene bør så langt råd er vere dei same ved dei to skjønna. Kommunen kan samtykke i at skjønn ikkje blir halde når det finst fullnøgjande opplysningar om den tilstand eigedomen er i. Det same gjeld når eigedomen er av lite verd eller kommunen av andre grunner finn at skjønn ikkje er nødvendig. Blir det ikkje halde skjønn over eigedomen, gjeld føresegnene ovanfor tilsvarande for takst som nemnt i § 12, tredje leden.

Det skal gjennomføres et skjønn for å fastslå tilstanden på eiendommen når forpaktingen starter og avsluttes. Dette gjøres vanligvis av et utvalg utnevnt av kommunestyret, med mindre annet er avtalt.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 13 juni 1980 nr. 41, 11 juni 1993 nr. 96, 17 juni 2005 nr. 90 (ikr. 1 jan 2008 iflg. res. 26 jan 2007 nr. 88) som endra med lov 26 jan 2007 nr. 3, 19 juni 2009 nr. 98 (ikr. 1 jan 2010 iflg. res. 26 juni 2009 nr. 848), 7 mai 2021 nr. 34 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 7 mai 2021 nr. 1416).

Se ogsåForpaktingslova § 12referert av 3

Sammenheng

Se også1
Referert av3
Endringshistorikk1

Koblinger for § 11 i forpaktingslova.

Les hele loven i sammenheng →