Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 14. Buskap

Buskap

Dersom jordeigaren overlet forpaktaren buskap, skal han vere forplikta til å halde ein slik buskap på eigedomen. Buskapen skal til kvar tid så vidt råd er ha same realverde som den han overtok. Husdyra som blir sette i staden for dei forpaktaren overtok, skal tilhøyre jordeigaren. Forpaktaren er ansvarleg for skade som råkar buskapen ved hendeleg uhell. Både ved overtakinga og ved tilbakeleveringa skal det ved skjønn i samsvar med §§ 11 og 12 haldast takst over buskapen. Ved oppgjeret blir prisane på tilbakeleveringstida lagde til grunn. Har husdyrprisane endra seg i forpaktingstida, skal skjønnet først omrekne overtakingstaksten til dei prisar som gjeld ved tilbakeleveringa. Føresegnene i denne paragrafen gjeld ikkje om anna er avtala.

Hvis jordeieren låner ut husdyr til forpakteren, må disse holdes på eiendommen med samme verdi som ved overtakelse. Forpakteren er ansvarlig for skader ved uhell. Det skal gjennomføres takst ved start og slutt, og prisene skal justeres etter gjeldende markedspris.AI

Se ogsåForpaktingslova § 11Forpaktingslova § 12referert av 2

Sammenheng

Se også2
Referert av2

Koblinger for § 14 i forpaktingslova.

Les hele loven i sammenheng →