Bygningar
Jordeigar skal ved tiltredinga stille forpaktarbustad eller -husvære og driftsbygningar til rådvelde for forpaktaren i ordentleg og forsvarleg stand og elles i samsvar med avtalen.
Dersom bygningane ikkje fyller krava etter første leden, skal tiltredingsskjønnet fastsette ein rimeleg frist for jordeigaren til å utbetre manglane. Blir manglane ikkje utbetra innan fristen, kan forpaktaren heve avtalen såframt manglane må seiast å vere vesentlege.
Forpaktaren kan krevje ei rimeleg nedsetting av forpaktingsavgifta for tida inntil manglane er utbetra. Vidare kan han krevje skadebot, med mindre jordeigaren godtgjer at det på grunn av omstende som ikkje kan tilreknast han, har vore umogleg å overlevere bygningen i den stand som er nemnt i første leden.
Jordeieren skal levere bolig og driftsbygninger i ordentlig og forsvarlig stand ved oppstart. Hvis bygningene har vesentlige mangler som ikke utbedres innen en fastsatt frist, kan avtalen heves. Forpakter kan også kreve prisavslag og erstatning.AI
Sammenheng
Koblinger for § 13 i forpaktingslova.