Hopp til innhold
Forskrift

§ 5. Miljøomsyn ved skogbrukstiltak

Forskrift om berekraftig skogbruk·Kapittel 2. Miljøomsyn·Sist endret 1. januar 2024

Miljøomsyn ved skogbrukstiltak

Ved gjennomføring av skogbrukstiltak skal skogeigaren sørgje for at verdiane i viktige livsmiljø og nøkkelbiotopar blir tekne vare på i samsvar med retningslinene i Norsk PEFC Skogstandard. Etter hogst skal kvist og hogstavfall ryddast bort frå bekkar, elver og vatn, og frå vanleg brukte stiger, løyper og andre ferdselsårer der det er til unødig hindring for ferdsel. Køyreskadar etter skogbrukstiltak må utbetrast snarast råd etter avslutta drift, slik at det ikkje oppstår unødig hindring for ferdsel i vanleg brukte stigar, løyper og andre ferdselsårer, eller oppstår nye bekkeløp. Ved hogst skal det setjast igjen minst 5 stormsterke tre pr. hektar som livsløpstre, helst i grupper. Livsløpstrea skal primært veljast blant dei eldste trea. Hogstar skal tilpassast landskapet. Der forholda biologisk, økonomisk og teknisk ligg til rette for det skal det brukast lukka hogstar, dersom ein kan oppnå god stabilitet for gjenståande tre og tilfredsstillande forynging på veksestaden. Ved hogst i kantsoner mot vatn og vassdrag og mellom skog og anna mark skal kantsona sin økologiske funksjon takast vare på. I forynging av barskog skal ein tilstreve eit minimum på 10% lauvtre. I skog der volumet av bartre utgjer meir enn halvparten av det totale volumet i bestanden før hogst, kan skifte av treslag frå bar til lauv berre skje etter godkjenning frå kommunen. Skifte av treslag i edellauvskog kan berre skje etter godkjenning frå kommunen, med unntak av skifte av treslag i eikeskog på låg og middels bonitet. Skogeigar må søke om slik godkjenning innan 6 månader etter at hogsten har skjedd. Nygrøfting av myr og sumpskog med sikte på skogproduksjon er forbode. Det er heller ikkje tillate å reinske grøfter i myr og sumpskog der det ikkje er etablert produktiv skog. Skogreising på snaumark og skifte av treslag på samanhengande areal over 100 dekar krev melding til kommunen. Har kommunen ikkje gitt svar på meldinga innan 3 veker frå da meldinga kom fram til kommunen, kan det meldte tiltaket setjast i verk. Om kommunen treng meir tid for å ta stilling til tiltaket, kan fristen forlengjast med inntil 14 dagar. Krav om melding til kommunen gjeld ikkje for skifte av treslag etter åttande ledd. Bruk av utanlandske treslag til skogproduksjon kan berre skje etter godkjenning frå kommunen. Ved avgjerda skal kommunen leggje vekt på å unngå ukontrollert spreiing av slike treslag ved naturleg forynging. Ved skogbrukstiltak skal det takast omsyn til kulturminne (jf. lov 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminner § 4).
Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrifter 2 feb 2015 nr. 88, 18 aug 2021 nr. 2528, 25 sep 2023 nr. 1473 (i kraft 1 jan 2024).

Se ogsåKulturminneloven § 4 første leddreferert av 2

Sammenheng

Se også1
Referert av2

Koblinger for § 5 i forskrift-om-berekraftig-skogbruk.

Les hele forskriften i sammenheng →