Hopp til innhold
Forskrift

§ 7. Krav til tilfredsstillande forynging

Forskrift om berekraftig skogbruk·Kapittel 3. Forynging etter hogst·Sist endret 1. januar 2024

Krav til tilfredsstillande forynging

Forynging etter hogst skal leggje til grunn plantetala i tabellen nedanfor. Ved vurdering av minste lovlege plantetal reknast berre som teljande treslag dei treslaga som utnyttar veksttilhøva på veksestaden best, og som kan gi ein tilfredsstillande produksjon av virke, både når det gjeld volum og kvalitet. Gran- og/eller lauvdominert skog Furudominert skog G26–G20 G17–G14 G11–G6 F20–F17 F14–F11 F8–F6 Tilrådd plantetal pr. dekar 300–180 230–130 140–60 340–190 240–120 130–80 Minste lovlege plantetal pr. dekar 150 100 50 150 100 50 Minste lovlege plantetal gjeld berre bartre der bartre utgjer meir enn halvparten av det totale volumet i bestanden før hogst. Lauvtre tel med i andre høve og der det er gitt godkjenning frå kommunen etter § 5 åttande ledd. Det skal takast omsyn til at det i perioden fram til forynginga er etablert, kan skje både avgang og oppslag av nye planter. Forynginga er etablert når konkurransen frå anna vegetasjon minkar og konkurransen mellom planter av teljande treslag gjer seg gjeldande.

Reglene setter krav til hvor mange nye trær som må plantes etter hogst for at skogen skal forynges tilfredsstillende. Bare treslag som passer til voksestedet og gir god produksjon av tømmer teller med i beregningen.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 25 sep 2023 nr. 1473 (i kraft 1 jan 2024).

Se ogsåForskrift om berekraftig skogbruk § 5 første leddreferert av 2

Sammenheng

Se også1
Referert av2
Endringshistorikk1

Koblinger for § 7 i forskrift-om-berekraftig-skogbruk.

Les hele forskriften i sammenheng →