Hopp til innhold
Forskrift

§ 2-1. Generell studiekompetanse – Kunnskapsløftet

Forskrift om opptak til høgare utdanning·Kapittel 2. Generell studiekompetanse·Sist endret 1. januar 2023

Generell studiekompetanse – Kunnskapsløftet

(1) Det generelle grunnlaget for opptak til universitet og høgskular (generell studiekompetanse) skal normalt vere at søkjaren har a) vitnemål om bestått norsk treårig vidaregåande opplæring som gir studie- eller yrkeskompetanse; eller b) fylt 23 år i løpet av opptaksåret og kan dokumentere minimum fem års fulltids arbeidserfaring og/eller utdanning (23/5-søkjarar). Omsorgsarbeid og militær førstegongsteneste eller sivilteneste kan òg reknast som arbeidserfaring. Som utdanning gjeld bestått årstrinn i vidaregåande opplæring, godkjent årskurs frå folkehøgskule og/eller eksamen frå studium som har vart i minst eitt år. Begge alternativa ovanfor krev desse faga frå vidaregåande opplæring, som må vere dekte innanfor eller tekne i tillegg til krava ovanfor. Faga er oppgitt med samla omfang i timar (60 minutts einingar). Faga må vere beståtte: -) norsk 393 timar -) engelsk 140 timar -) matematikk 224 timar -) naturfag 140 timar -) samfunnskunnskap 84 timar -) historie 140 timar. (2) For søkjarar som har bestått norsk 309 timar, samisk/finsk 309 timar og historie 113 timar, gjeld ikkje kravet om norsk 393 timar og kravet om historie 140 timar. (3) Opptaksorganet har plikt til å vurdere om anna utdanning eller annan dokumentasjon av kunnskapar kan godkjennast som likeverdig. Departementet kan gi nærmare reglar. (4) Søkjarar med generell studiekompetanse på grunnlag av vidaregåande opplæring eller tidlegare ordningar før Kunnskapsløftet skal framleis ha generell studiekompetanse, jf. overgangsføresegna i § 9-1.

For å bli tatt opp på universitet eller høyskole må man normalt ha vitnemål fra videregående skole eller være over 23 år med fem års arbeidserfaring og utdanning. Det stilles krav til beståtte timer i spesifikke fag som norsk, engelsk, matematikk, naturfag, samfunnskunnskap og historie.AI

Endret 17. september 2025 · i kraft 1. januar 2027
Endringshistorikk (8)
Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrifter 23 nov 2018 nr. 1767 (i kraft 1 jan 2019), 16 des 2020 nr. 2916 (i kraft 1 jan 2021), 29 nov 2022 nr. 2086 (i kraft 1 jan 2023).

Se ogsåForskrift om opptak til høgare utdanning § 9-1 første leddreferert av 16

Sammenheng

Utfyllende forskrifter2
Se også1
Referert av16
Endringshistorikk8

Koblinger for § 2-1 i forskrift-om-opptak-til-høgare-utdanning.

Les hele forskriften i sammenheng →