Hopp til innhold
Forskrift

§ 7-1. Generelt om rangering og kvotar

Forskrift om opptak til høgare utdanning·Kapittel 7. Rangering av søkjarar ved opptak·Sist endret 1. januar 2023

Generelt om rangering og kvotar

(1) Opptak til studium skjer på grunnlag av rangering innanfor kvotar. Ein kvote er eit bestemt tal eller ein bestemt del av studieplassane som skal fordelast blant søkjarar som tilfredsstiller nærmare bestemte krav. (2) Alle kvalifiserte søkjarar som innan fastsette fristar for opptaket dokumenterer at dei oppfyller tilhøyrskriteria for ein kvote, konkurrerer om studieplass i kvoten. (3) Grunnlaget for rangering er den dokumentasjonen som kvalifiserer søkjaren for eit studium. (4) Søkjarar med høg poengsum skal rangerast framfor søkjarar med låg poengsum. Søkjarar med lik poengsum i ein kvote skal rangerast etter alder, eldre søkjarar går framfor yngre søkjarar. (5) Når alle kvalifiserte søkjarar som har søkt innan ordinær søknadsfrist har fått tilbod om plass på eit studium, kan lærestadane lyse ut studiet på nytt med ledige studieplassar. Kvalifiserte søkjarar kan få tilbod om opptak til ledige studieplassar utan omsyn til reglane om rangering i kapittel sju. (6) Institusjonar kan gi tidleg tilsegn om opptak til søkjarar som har dokumentert behov for dette, og er kvalifisert for utdanninga dei har søkt. Institusjonane fastsett poenggrense for tidleg tilsegn om opptak og avgjer kva for studium det er mogleg å søkje om tidleg opptak til.

Opptak til studier skjer ved at søkere rangeres innenfor bestemte kvoter. De med høyest poengsum prioriteres, og ved lik poengsum er det den eldste søkeren som kommer først i rekken. Ledige plasser kan lyses ut på nytt, og noen kan få tidlig svar på søknaden sin.AI

Endret 17. september 2025 · i kraft 1. januar 2027
Endringshistorikk (6)
Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrifter 1 des 2021 nr. 3391 (i kraft 1 jan 2022), 29 nov 2022 nr. 2086 (i kraft 1 jan 2023), 19 des 2023 nr. 2223.

referert av 7

Sammenheng

Utfyllende forskrifter2
Referert av7
Endringshistorikk6

Koblinger for § 7-1 i forskrift-om-opptak-til-høgare-utdanning.

Les hele forskriften i sammenheng →