Forskrift
Nynorsk
§ 14. Sektoravgift for sendarløyve som ikkje fell inn under § 12, § 13 og § 16
Forskrift om sektoravgift og gebyr til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit·Sist endret 1. februar 2026
Sektoravgift for sendarløyve som ikkje fell inn under § 12, § 13 og § 16
Innehavar av jordstasjonar for satellitt skal betale ei sektoravgift på kr 8190 for kvart frekvensband det blir sendt i for kvar jordstasjon. Innehavar av jordstasjonar på Svalbard og i Antarktis skal i tillegg betale ei sektoravgift på kr 8 190 for kvart frekvensband det blir mottatt signal i for kvar jordstasjon.
Innehavar av stasjon i radiotelemetrisystem, punkt til punkt og punkt til multipunkt, skal betale sektoravgift avhengig av utstrålt effekt (e.r.p.). Avgifta skal være kr 290 for kvar sendar for stasjonar med effekt under eller lik 0,5 W og kr 850 for kvar sendar for stasjonar med effekt høgare enn 0,5 W.
Innehavar av sendarløyve til lokale nett i frekvensbandet 3,8-4,2 GHz skal betale sektoravgift avhengig av bandbreidde og utstrålt effekt slik det går fram av tabellen under. Lav-effekt inneber ein maksimal tillaten spektral effekttettleik på 18 dBm / 5 MHz EIRP for basestasjonane. Medium-effekt inneberer ein maksimal tillaten spektral effekttettleik på 36 dBm / 5 MHz EIRP for basestasjonane.
Bandbreidde lokale nett Pris lav-effekt bruk Pris medium-effekt bruk
20 MHz 220 1 080
40 MHz 430 1 520
60 MHz 870 2 390
80 MHz 1 730 4 130
Innehavar av sendarløyve som ikkje inngår i første til tredje ledd, skal betale sektoravgift for kvar sendar innehavar har avhengig av bandbreidde og frekvensband sendarane bruker, som det går fram av tabellen under. Dersom det nyttast MIMO-teknologi mellom to punkt, skal det berre betalast ei sektoravgift per stasjon for same frekvens, polarisasjon og bandbreidde.
Frekvensband sendarane bruker Bandbreidde Pris per sendar i kr
Lågare enn 1 GHz Til og med 25 kHz 880
Lågare enn 1 GHz Over 25 kHz til og med 150 kHz 1 170
Lågare enn 1 GHz Over 150 kHz 2 100
Frå og med 1 GHz og lågare enn 5,15 GHz Til og med 2 MHz 1 160
Frå og med 1 GHz og lågare enn 5,15 GHz Over 2 MHz 2 020
Frå og med 5,15 GHz og lågare enn 8,5 GHz Til og med 25 MHz 670
Frå og med 5,15 GHz og lågare enn 8,5 GHz Over 25 MHz til og med 49 MHz 870
Frå og med 5,15 GHz og lågare enn 8,5 GHz Over 49 MHz til og med 70 MHz 1 130
Frå og med 5,15 GHz og lågare enn 8,5 GHz Over 70 MHz 1 470
Frå og med 8,5 GHz og lågare enn 20 GHz Til og med 25 MHz 420
Frå og med 8,5 GHz og lågare enn 20 GHz Over 25 MHz til og med 49 MHz 540
Frå og med 8,5 GHz og lågare enn 20 GHz Over 49 MHz til og med 90 MHz 700
Frå og med 8,5 GHz og lågare enn 20 GHz Over 90 MHz til og med 150 MHz 920
Frå og med 8,5 GHz og lågare enn 20 GHz Over 150 MHz 1 210
Frå og med 20 og lågare enn 57 GHz Til og med 25 MHz 250
Frå og med 20 og lågare enn 57 GHz Over 25 MHz til og med 49 MHz 300
Frå og med 20 og lågare enn 57 GHz Over 49 MHz til og med 90 MHz 350
Frå og med 20 og lågare enn 57 GHz Over 90 MHz til og med 150 MHz 430
Frå og med 20 og lågare enn 57 GHz Over 150 MHz 520
Frå og med 57 GHz 210
Noter (1)
- EndringEndra ved forskrifter 29 jan 2024 nr. 135, 13 des 2024 nr. 3121 (i kraft 1 jan 2025), 25 juni 2025 nr. 1325 (i kraft 1 juli 2025 med veknad frå 1 jan 2025), 29 jan 2026 nr. 113 (i kraft 1 feb 2026 med verknad frå 1 jan 2026).
Sammenheng
Koblinger for § 14 i forskrift-om-sektoravgift-og-gebyr-til-nasjonal-kommunikasjonsmyndigheit.