Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 15. Sektoravgift for spektrumsløyve

Sektoravgift for spektrumsløyve

Det samla beløpet som blir krevje inn frå innehavarar av spektrumsløyve etter denne paragrafen, er beløpet etter § 2 første ledd nummer 2 etter frådrag for sektoravgift og gebyr etter § 11 til § 14 og § 16. Innehavarane av spektrumsløyve skal betale ei sektoravgift som består av to delar utrekna slik: 1) 20 % av beløpet etter første ledd blir fordelt mellom innehavarane av spektrumsløyve med ein lik del for kvar samanhengande frekvensblokk dei disponerer. 2) 80 % av beløpet etter første ledd blir fordelt mellom innehavarane av spektrumsløyva i høve til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit ressursbruk og bandbreidda som kvart spektrumsløyve omfattar. Dette gjerast slik at beløpet blir fordelt på kvar samanhengande frekvensblokk som kvart spektrumsløyve omfattar ved at vekta bandbreidde rekna ut etter tredje ledd, blir delt på den samla vekta bandbreidda for alle spektrumsløyva det skal betalast sektoravgift for etter denne paragrafen, og multiplisert med beløpet etter første punktum. Kvar samanhengande frekvensblokk eit spektrumsløyve omfattar blir tilordna ei vekt i høve til bandbreidda og ei vekt i høve til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit sin ressursbruk. Vekta bandbreidde blir rekna ut ved at vekta i høve til bandbreidda blir multiplisert med vekta i høve til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit sin ressursbruk. Vekta i høve til bandbreidde er lik 1/f, der f er senterfrekvensen i det frekvensbandet frekvensblokka ligg i. Vekta i høve til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit sins ressursbruk følgjer av tabellen under. For frekvensband som ikkje er nemnde i tabellen, vert vekta lik 1. For regionale løyve blir vekta multiplisert med brøkdelen av befolkninga i Noreg som er busett i dekningsområdet for løyvet. For løyve som gjeld på Svalbard blir vekta multiplisert med 1/100. For løyve som gjeld offshore blir vekta multiplisert med 1/5. Frekvensband Vekt 0–30 MHz 0,025 47–68 MHz 0,1 137–174 MHz 4,0 174–240 MHz 7,0 380–400 MHz 3,0 400–470 MHz 6,0 470–694 MHz 3,0 738–758 MHz 7,0 703–733/758–788 MHz 7,0 791–821/832–862 MHz 8,0 876–880/921–925 MHz 4,0 880–915/925–960 MHz 9,0 1427–1517 MHz 2,5 1710–1785/1805–1880 MHz 17,0 1920–1980/2110–2170 MHz 20,0 2500–2690 MHz 9,0 3400–3800 MHz 6,0 25100–27500 MHz 6,0
Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 29 jan 2024 nr. 135.

Se ogsåForskrift om sektoravgift og gebyr til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit § 2Forskrift om sektoravgift og gebyr til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit § 11Forskrift om sektoravgift og gebyr til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit § 14 første leddForskrift om sektoravgift og gebyr til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit § 16referert av 1

Sammenheng

Se også4
Referert av1

Koblinger for § 15 i forskrift-om-sektoravgift-og-gebyr-til-nasjonal-kommunikasjonsmyndigheit.

Les hele forskriften i sammenheng →